Perspektivrapporten ”Vestlandsmeldinga” vert i dag lagt fram av Sparebanken Vest for 1600 tilhøyrar på årets Vestlandskonferanse i Grieghallen.  Meldinga peikar på korleis Vestlandet offensivt skal bruka sine ressursar for å realisere sitt uutnytta potensial for auka verdiskaping og vekst.  At vestlandet lukkast i dette er avgjerande for Noreg og vårt velferdssamfunn.

Samarbeid er ein del av ein suksessformel som i rapporten vert kalla ”Vestlandskoden”. Her blir det vist til alle NCE- og GCE-klyngene som er lokalisert på Vestlandet. For folk flest er NCE og GCE ukjente forkortingar,  men for våre klyngebedrifter, representerer desse bokstavane ein merkelapp som dokumenterer ein sentral posisjon og ein viktig døropnar internasjonalt.  – Me er ein del av noko større. Eit nasjonalt ekspertmiljø som gir oss tillit der ute, seier Torleif Stokke, adm. dir. i Servogear, som er ein av 100 partnerar i NCE Maritime CleanTech. Bømlo-bedrifta leverer energieffektive framdriftssystem, og er svært internasjonalt retta med over 70 prosent eksportandel.  Eit godt døme på korleis vestlendingen alltid har sett ut over, og kryssa, havet med sine varer eller tenester.

Ein anna styrke ved å delta i eit økosystem for innovasjon som ei næringsklynge representerer, er å gjera prosessen frå idé til faktura raskare og enklare. Tempoet må opp, og me vestlendingar må reagera kjappare på marknadssignal og nye muleggjerande teknologiar som digitalisering. Digitalisering utgjer ein anna del av innovasjonsformelen ”Vestlandskoden”. Offensiv bruk av ressursar inneber at me ikkje kan sitja på kvar vår holme og nes når digitaliseringsbølgja skyller over oss.  Me må søkja saman i samarbeid og alliera oss med dei beste – ikkje berre dei beste på vestlandet, men dei beste i verda.  Difor reiser klyngene ut i verda og hentar heim inspirasjon, kompetanse og nye kontaktar. 

Å kople personar og bedrifter er ein viktig del av jobben til klyngeorganisasjonane. Eit godt team beståande av deltakarar med komplementær kompetanse og eit felles mål, er viktig for å lukkast med eit innovasjonsprosjekt. Koplingane kan også skje på tvers av klynger og regionar. Trønderen Erik Ianssen og bedrifta hans Selfa Arctic oppsøkte vestlandet og NCE Maritime CleanTech, og har gjennom klynga inngått samarbeid med fleire andre bedrifter for å utvikla ein hurtigbåt utan utslepp. – Her fann eg kompetansemiljø og vilje til å få fart i den naudsynte grøne omstillinga i maritim sektor, seier Ianssen, som samarbeider med LMG Marine, Servogear, Hyon og Norled om utvikling av den hydrogendrivne hurtigbåten.

Klimaendringar og ambisiøse mål om kutt i utslepp frå skipsfarten gir store moglegheiter for Vestlandsindustrien.  Me er leiande innan elektrifisering, no skal me bli leiande innan hydrogen. Me har dei viktigaste komponentane for å lukkast, nemleg rein energi og ei komplett maritim klynge.  Ei rekke av våre partnarar samlar seg no for å utvikla ei komplett verdikjede for grøn hydrogen. Me vil søkja samarbeidsalliansar utover vår klynge. Dette er eit løft som kjem til gjennom samhandlings på tvers av transportsektorar, industri akademia og kapitalmiljø.

Denne perspektivmeldinga er eit godt utgangspunkt for strategidrøftingar på ulikt nivå både i offentleg og privat sektor her på vestlandet. Me har ein unik muligheit til  å bli ein del av løysinga på nasjonale og globale utfordringar, men det vil krevja tett samarbeid. La oss ta tak i muligheitene og utvikla ein attraktivt og spenstig region som tiltrekk seg talent og kompetanse, og som skapar verdi langt utover landegrensene!