Kontrakten går ut på at modulene, som er på ca. 2200 tonn, skal transporterast frå Nyhamna i Aukra kommune i Møre og Romsdal til Kværner sitt anlegg på Stord. Her skal modulane demonterast og attvinnast, skriv Stord24.

Startar umiddelbart

Arbeidet startar umiddelbart, og første del som består av fjerning av modular, skal ferdigstillast allereie i løpet av 2017, melder Kværner i ei pressemelding. Resterande modular vil bli fjerna i løpet av neste år.

– Dette er ein viktig kontrakt for Kværner si demoleringseining, og me viser igjen til at me er konkurransedyktige innanfor denne marknaden, seier Guro Løken, SVP Decommissioning & Marine Operations i Kværner i pressemeldinga.

At Kværner har fått arbeidet med demolering av Nyhamna-anlegget er kanskje naturleg, då det er Kværner som har vore hovudleverandør for utvidinga av anlegget som ferdigstillast no i 2017. Kværner var også hovudleverandør då første del av anlegget vart bygd ut i 2007.

Satsingsområde

– Den nye kontrakten for fjerning og attvinning av system som ikkje lenger er i bruk viser at Kværner har ein konkurransedyktig ekspertise både for landanleggsprosjekt, og i demoleringsmarknaden. Konsernet ser høve til moglegheiter for fleire prosjekt innanfor begge desse segmenta, skriv Kværner.

På Stord-konferansen i juni sa konsernsjef Jan Arve Haugan at demolering av plattformar ville bli eit viktig satsingsområdet for konsernet framover.

– Kompetansen vår til å skru ting saman kan me også bruke for å ta det ned igjen. Å fokusere på attvinning av produksjonsanlegga er høgst aktuelt. Me ser at dette med demolering er eit typisk område me kan vidareutvikle.

Andre demoleringskontrakt i år

Det er ikkje meir enn nokre månadar sidan Kværner fekk sin førre demoleringskontrakt på Stord. Den kontrakten gjaldt demolering av 40.000 tonn stål frå Saipem-plattformen til 200 millionar kroner.

Kværner opplyser ikkje kor mykje den nye demoleringskontrakten på Nyhamna er verdt.