Kvæner har sendt ein høyringsuttale til Norges Vassdrag- og Energidirektorat, der dei uttrykkjer stor skepsis mot den planlagde sjøkabelen som skal gå frå Eidfjord, utover Hardangerfjorden, forbi Stord og vidare mot Storbritannia, skriv Stord24.

Dei raude felta markerer områda der Kværner fryktar sjøkabelen vil skape konflikt.

Konsernet peikar på heile fire konfliktområde der den planlagde kabelen skal gå. Dette er sjøområdet frå verftet mot Klosterfjorden, sjøområdet utanfor Eldøy/Kjøtteinståa, der grunne området rundt øya Hille ved Halsnøy og Digernessundet.

– Slik kabeltraséen er skissert i NorthConnect sine planar vil den kunne kome i konflikt med typiske marine operasjonar som Kværner og andre aktørar gjennomfører i dei aktuelle sjøområda, skriv verftsdirektør Steinar Røgenes i høyringsuttalen.

Stadig viktigare med god sjøtilgang

Røgenes viser til at det i framtida er venta fleire flytande installasjonar, som Aasta Hansteen-plattforma som i dag står klar til avreise i Digernessundet.

– Tilgang til djupe fjordar, djupvasskaiar og nærliggande sjøareal vil difor bli endå viktigare framover. For Kværner sin del er dette ein føresetnad for å i det heile tatt kunne gjennomføre slike prosjekt.

Han fryktar sjøkabel kan få potensielt store konsekvensar for Kværner i internasjonale konkurransar med eit sterkt fokus på kostnadar og pris.

– Det vil alltid vere ei frykt for at tiltak som den planlagde sjøkabelen vil kunne introdusere restriksjonar som er kostnadsdrivande, som legg avgrensingar på høvet vårt til å gjennomføre operasjonane, eller som medfører regulering og restriksjonar som kompliserer prosjektgjennomføringar.

Slik er den planlagte traseen for NorthConnect-sjøkabelen.

Vil ha konsekvensutgreiing

På bakgrunn av dette krev Kværner at det vert gjort ei konsekvensutgreiing for kva sjøkabelen vil føre til for verftsindustrien og andre delar av den offshore-retta leverandørindustrien.

– Me meiner det er viktig at næringa som Kværner er ein del av, og som sysselset mange i Sunnhordland, også vert inkludert i konsekvensutgreiinga, ikkje minst når kabeltraseen er tenkt plassert tvers gjennom fjordområde som i mange tiår har vore nytta av denne industrien.

NorthConnect-sjøkabelen har vore ein heit potet i debatten om Acer, energipakken som Stortinget førre veke vedtok å slutte seg til. Ein føresetnad for at Arbeidarpartiet slutta seg til Acer var i følgje NTB at NorthConnect vert sett på vent til to andre prosjekt vert evaluert.