Johan Sverdrups hotellplattform, ei kjempe i stål og aluminium, er snart klar for 50 år i Nordsjøen. Tre mann må berre få styr på to parabolantenner og ein kabel med feil kopling.

– Utan fjernsyn blir det mytteri. Det er nesten viktigare enn at plattforma flyt, seier Tore Nævdal. Han er arbeidsleiar for elektro.

Verftet, som no heiter Kværner Stord, har hundreårsjubileum i år. I 40 av dei har Nævdal vore med på opp- og nedturar. Som så mange andre sunnhordlendingar har han henta levebrødet i hjørnesteinsbedrifta på Eldøyane. Før Johan Sverdrup såg det mørkt ut for verftet, og for Stord.

Eldøyane er for lengst erobra av hjørnesteinsverksemda, og verftet rustar seg for framtida ved å investera 320 millionar kroner i ny djupvasskai. Foto: Eirik Brekke

Kontrakt etter kontrakt gjekk til utlandet. For landets mest oljeavhengige kommune medførte det oppseiingar, permitteringar og ei arbeidsløyse på fem prosent. Så kom Johan Sverdrup og snudde nedtur til opptur. No er arbeidsløysa to prosent.

– Me er svært stolte over det me held på med, seier Nævdal.

Me står på plattformas helikopterdekk. Løftar han blikket, ligg snødekte kvinnheradsfjell i aust. Innover land, mot vest, ligg velpleidde villaområde som glir over i det grøne, småkuperte jordbrukslandskapet.

Og midt i denne postkortvakre vestlandsidyllen, tung industri, stål, aluminium, fabrikkhallar, kranar, 1600 fast tilsette, og like mange innleigde arbeidarar.

Når dei no berre får fjernsyna kopla på, er Tore Nævdal og kolegane snart klare til å ta fatt på nye prosjekt. Foto: Eirik Brekke

Utseglingskonsert

I helga var det «Sail away»-konsert for heile stordsamfunnet på verftet. Alt var då klappa og klar for ein maritim operasjon utanom det vanlege: Plattforma stod på bein av stål på ein lekter i tørrdokken. Sakte vart dokken fylt med vatn, før lekteren vart slept ut i rom sjø. Der vart hotellet på 18.000 tonn, med 560 ferdig oppreidde senger, på ufatteleg vis løfta over på tungløftfartøyet «Pioneering Spirit». Så skal heile installasjonen ut i Nordsjøen til Johan Sverdrup-feltet, og løftast over på plattformbein som alt står og ventar. Dette gjekk bra i fjor sommar då boreplattforma til Johan Sverdrup vart transportert på same vis. Verftet er rusta for eit nytt ingeniørfagleg kunststykke.

Høgt under taket og videokunst, lista er lagt for 50 år i Nordsjøen. Foto: Eirik Brekke

Rett i kontakten

– Alt er fiks ferdig, det er plug and play. Ute i havet, er det berre å kopla bustadplattforma til resten av Johan Sverdrup med gangbruer.

Gjennom kontorets panoramavindauga ser kværnerdirektøren, Steinar Røgenes, stolt rett ut på det siste storverket frå verftet på Eldøyane. Nokre delar kjem frå Polen, aluminiumsdelen på toppen er frå Leirvik A/S på andre sida av Vikjo, sentrum i Stord kommune. Men alt er planlagt og sett saman her, og alt er ferdig til rett tid. Alt har gått som smurt. Alt har gått etter planen.

Snart er plattforma borte. Det er litt vemodig, men det var langt verre om den ikkje vart ferdig i tide, og låg her på overtid. Og så får Røgenes fjellutsikta tilbake, der han sit og jobbar med nye kontraktar.

– Vi må ikkje gløyma at verdiskapinga i industrien er to og ein halv gong så høg som ved andre typar arbeid, seier direktør Steinar Røgenes. Foto: Eirik Brekke

– Me må ha ein industri som produserer noko, slår han fast.

Og her er det store tal som tel: Ifølgje Røgenes har verftet kjøpt varer og tenester i Sunnhordland for 22 milliardar kroner dei siste 30 åra, og for ein milliard berre i samband med Johan Sverdrup.

Når Røgenes ser ut, ser han resultatet av veldige mengder arbeid. Rundt 5000 årsverk. Og enorme verdiar:

– Denne helga ligg tre plattformer her til ein verdi av åtte til ti milliardar kroner kvar. Så kjem «Pioneering Spirit» til rundt 25 milliardar kroner. Røgenes smiler ved tanken, og peikar på at stordsamfunnet stiller opp og heiar på verftet. Då dei førre helg opna for publikum kom 5500, meir enn ein fjerdedel av dei som bur på Stord.

Styrkjerom og spinningsyklar. Her er ingen grunn til å la lekamen forfalla. Foto: Eirik Brekke

Nynorsk, polsk og engelsk

På med vernesko. På med kjeledress, vernebriller og hanskar. Her er ting på stell. Kværner køddar ikkje med tryggleiken. Skilt på nynorsk, bokmål, polsk og engelsk. Opp i høgda, helikopterdekk med plass til fire helikopter. Inn i giganten, kunst på veggane, biljardbord, treningsrom, kjøkken og matsal. Mjuke stolar og kinosalar. Her er det ikkje spart på noko. Byggjeleiar Richard Juvik peikar og forklarer.

– Men korleis er det å byrja på eit slikt prosjekt?

– Me byrjar nede, og byggjer oss oppover.

Biljardborda står klare. Foto: Eirik Brekke

Rundt plattforma, som snart skal dra, har verftet retta blikket mot nye mål.

– Det er kjempekjekt! Sondre Slåke gliser breitt under hjelmen. Kvinnheringen er 20 år og har alt fagbrev som platearbeidar. Heilt sidan ungdomsskulen har han kombinert skule og praktisk arbeid. Det skal han halda fram med til hausten, og bli maskiningeniør. Han pendlar til Stord.

– Du ville ikkje heller til smelteverket då?

– Det er mykje kjekkare å byggja plattform her. Eg kan sjå opp på plattforma og tenkja at der var eg med, og det har eg gjort. Det er stort, seier Slåke. Han er utstyrt med sveiseapparat og smarttelefon. Verftet skal digitaliserast, arbeidarane skal bli digitale, arbeidet skal bli digitalt, og alle har fått tildelt telefon. Slåke satsar på ei framtid på Eldøyane.

Sondre Slåke trivets, og planlegg ei framtid i industrien. Foto: Eirik Brekke

– Eg har ikkje planar om å gje meg med første, seier han.

Og det er mange karrierevegar på verftet. I år er det 20 år sidan Ingunn Thorland Johansen fekk jobb på Eldøyane. Ho tok til som sveisar med fagbrev. No er ho planleggjar, og har leia planarbeidet for plattforma. Ho byrja lenge før første sveiseapparatet vart fyrt opp, og har planlagt arbeidet frå a til å.

Planleggjar Ingunn Thorland Johansen bur i Sagvåg med mann, barn og bonusbarn. Foto: Eirik Brekke

– Kjekt prosjekt

– Eit veldig kjekt prosjekt. Me er jysla gode her til å følgja planen, og planen me la for bustadplattforma er følgd til punkt og prikk. Johansen er for lengst i gang med nye planar, men at dette Johan Sverdrup-prosjektet er ferdig heilt etter planen, er ei fjør i hatten.

– Etter fire års arbeid med bustadplattforma, blir det rart og tomt når den ikkje lenger ligg i dokken, seier Johansen.

Kva så, når denne kjempa er på plass på stålbeina sine i Nordsjøen? Korleis ser det ut for industrien og det oljesmurde stordsamfunnet i åra som kjem, når verda skal inn i det store grøne skiftet?

I eit krisetilfelle skal rundt 800 arbeidarar få servering her. Foto: Eirik Brekke

– Me har arbeid ut 2022, og god styrefart no. Olje skal me halda på med ei god stund enno. Men me har også tenkt på det grøne skiftet ei god stund no, seier direktør Røgenes. Han peikar på at kompetansen til Kværner Stord ikkje er knytt til olje. Kunnskapen dei skal leva av, er det å styra store, kompliserte prosjekt.

– Me har fått eit oppdrag med den nye omnshallen ved Hydro på Husnes no. Det er ikkje ein stor jobb, men viktig. Me er klare for kva det skal vera, og heiar på det grøne skiftet, seier Røgenes. Ute ligg oljegiganten under knallblå himmel, inne ser direktøren inn i krystallkula.

– Norsk olje og gass er ein del av løysinga, og førebels er det ikkje mykje pengar å tena på det grøne skiftet. Men offshore vind kjem, CO₂-fangst kan bli spennande og så ligg det eit enormt arbeid når installasjonane i Nordsjøen skal demonterast.

Amram Hadida representerer mange av dei som har bygd plattforma, og han er stolt over det dei får til. Foto: Eirik Brekke

– Skaut ikkje hestane

På veggen heng tung fagforeiningshistorie, klubbformenn og -styre i lange rekker. Dagens leiar i verkstadklubben, Amram Hadida, meiner ein ikkje kan overvurdera det vendepunktet som kom med Johan Sverdrup. Han er oppteken av at olje og gass skal vera med lenge enno, og at norske verft må kapra desse kontraktane. Han peikar på skrikande mangel på fagfolk, og kor viktig det er å få inn lærlingar.

– Då må vi passa oss for å snakka ned industrien. Det kjem mange nye oppdrag innan olje og gass. Dei skaut heller ikkje alle hestane då den første bilen kom, seier Hadida.

På rådhuset i Leirvik legg heller ikkje ordførar Gaute Straume Epland skjul på kor avhengig kommune er av verftet.

«Njord» vart bygd ved Kværner Stord i 1996, og skulle ha 20 års levetid. No skal den vølast ved same verftet, for 20 nye år i Nordsjøen. Det tyder mykje arbeid ved verftet på Eldøyane. Foto: Eirik Brekke

– Stordsamfunnet utviklar seg i takt med Kværner. Når det går godt på verftet, tør folk å satsa. Berre sjå på utbyggingsprosjekta vi har i sentrum no, seier han. Epland er «100 prosent sikker» på at Stord og Kværner vil klara seg i ei grønare framtid.

Nypolert

– Historia viser det. For 100 år sidan byrja det som ein sildoljefabrikk. Så blei det bygging av båtar, og stadig større skip. Då oljekrisa sparka bein under bygginga av tankskip, kom omstillinga til oljeindustrien.

Kjetil Gundegjerde sel bilar, og som dei fleste andre på Stord heiar han på Kværner Stord. Foto: Eirik Brekke

Like ved E39 på Heiane mellom Leirvik og Eldøyane ligg handelshusa som sleppte ned frå himmelen. I nypolert lukt av lakk og luksus går bilseljar gjennom 36 år, Kjetil Gundegjerde.

– Me er veldig glade for kvar kontrakt dei bergar. Heile Stord er avhengig av Kværner, seier han. For bilbutikkens del verkar gode tider ved verftet spesielt på salet av nyttekøyretøy.

– Har du vore og sett på Johan Sverdrup-plattforma?

– Eg var der laurdag, men det var rundt to timar kø for å koma om bord, så eg gav opp. Men frua jobbar i industrien på Leirvik, så ho har no vore om bord.

På toppen av plattforma er det gjort plass til fire helikopter. Foto: Eirik Brekke