No er Trond Winther tilsett som dagleg leiar i konsulentselskapet, som har kontor i Stavanger, Oslo, Trondheim og Bergen.

Winther kjem frå DNV GL, kor han har vore direktør i eit prosjekt med ein dataplattform som heiter Veracity. Han tek over frå 1. juni.

– Gjennom heile karriera mi har risiko, rådgivning innan tryggleik, miljø og informasjonstryggleik vore ein rød tråd. No blir det eit veldig dedikert fokus mot dette segmentet, seier Winther.

Har vore i ein bølgedal

Proactima leverer rådgivning, verktøy og løysingar innan risikostyring. Dei har lenge retta seg inn mot olje- og gassnæringa, men etter oljeprisfallet i 2014 rettet dei seg meir inn mot havbruk, kraftnæring og samferdsle.

Etter det Winther skildrar som ein bølgedal vil han no gå inn i leiinga for å utvikle selskapet vidare.

– Selskapet er i ein fase på full fart ut av ein tøff periode. Selskapet har skapt seg ein god plattform for å ta nye, viktige posisjonar, og det gjelder å bruka denne kompetansen inn mot havbruk og infrastruktur, seier han.

Tek over frå gründer

Winther tek over frå Hermann Steen Wiencke, som grunnla selskapet saman med noverande styreleiar Richard Heyerdahl i 2003. Årsaka til at Wiencke sluttar som dagleg leiar, er at dei to gründerane i lag skal få selskapane under Proactima-paraplyen til å jobba betre saman.

– Vi har fleire selskap der konsulentbiten heiter Proactima, og vi verktøysutviklarselskap som heiter UXRisk. Vi skal sjå på selskapane for å få betre samhandling. Det krev litt tid, og difor har vi hatt behov for nokon som skal drive selskapet vidare.

– Trond er ekstremt flink, har eit godt rykte i marknaden, og eg må seia at vi er litt stolte for å ha fått han med på laget.

Positive tal i fjor

Proactima kan sjå tilbake på eit 2017 med ein svak oppgang. Det er for fyrste gong sidan oljekrisa skyldte innover vestlandskysten at selskapet ser svarte tall på botnlinja.

– Tala er svakt positive, og i dei fyrste månadene i år er vi på budsjettet. Det er ein heilt anna stemning her enn dei to førre åra kor oljesektoren gjekk nedover. Pila peiker oppover no.

For nytilsette Winther vert det viktig å ha fleire bein å stå på. Innan 2020 vil han at mellom 40 og 50 prosent av omsetnaden skal kome frå andre sektorar enn olje- og gassnæringa. I 2014 kom 75 prosent av inntektene frå olje- og gassnæringa.

– Vi har sett oss ut kraftbransjen, samferdsle og havbruk som tre utvalde områder for framtida. Der blir det fullt trøkk, men vi vil heller ikkje snu ryggen til olje og gass, seier han.