Anbodet for ny kontrakt for Kystruta frå 2020 er no utlyst med tre pakkar med høvesvis 4, 3 og 3 skip. Miljøkrava som er stilt i anbodet frå Regjeringa er minimum 25 prosent reduksjon av CO2-utslepp frå dagens utslepp, krav til bruk av landstraum i dei hamnene som har det, og at båtane ikkje skal bruka tungolje som drivstoff.

Lær frå ferjene

Krava i anbodet er langt dårlegare enn dei som vert stilt i ferjeanboda. Her manglar krav til nullutslepp inn og ut av fjordar og hamner, krava til CO2-reduksjon er for låge, og spesielt skuffande er det at miljøvektinga er totalt fråverande. Det vil sei at innanfor minimumskrava er det berre lågaste pris som tel, til tross for den nyleg iverksette forskrifta som seier at miljø skal vektast med 30 prosent i alle offentlege anskaffingar.

På same måte som me har sett frå ferjene har anbodet likevel potensiale til å gi store moglegheiter for norsk industri – dersom reiarlaga grip dei gode moglegheitene dei no har til å posisjonera seg opp mot både auka miljømedvit blant turistane og strengare miljøkrav.

La oss sjå på det som skjer elles i industrien:

Det store teknologiskiftet me har sett på ferjesida gir nå gode moglegheiter for å få til tilsvarande utvikling for andre delar av maritim sektor. Teknologiutviklinga går raskt og prisane på maritime batteriløysingar går ned. Dette gjer at det no kjem fleire og fleire eksempel på større skip som tar i bruk batteri. Me kan nemne Hurtigruten sitt nye ekspedisjonsskip, Color Line si hybridferje, den heilelektriske turistbåten Future of the Fjords og Viking Cruises sine planar for ein hydrogen- cruisebåt som vart lansert i slutten av september. Desse løysingane gir store reduksjonar i både utslepp og drivstoffkostnader.

Båtane imøtekjem også det skiftet me ser i haldningane til passasjerane; «me merkar at miljøaspektet vert meir og meir viktig for dei besøkande» sa cruisebransjen på Sjøsikkerhetskonferansen i. september. Reiarlaga over har skjønt teikninga; ettersom billettsalet er operatøren si viktigaste inntektskjelde, er det god butikk å justere tilbodet etter befolkninga sitt stadig aukande miljømedvit. Dette vert stadfesta av hybridbåten Vision of the Fjords, som går med fulle avgangar mellom Flåm og Gudvangen sjølv om billettprisen er noko høgare enn hos konkurrentane.

Kva båt ville du reist med?

Bergen-Kirkenes vert i dag operert av Hurtigruten AS, men det nye anbodet opnar opp for opp til tre operatørar på ruta. La oss tenka oss følgjande scenario: anbodet resulterer i at det blir to ulike tilbydarar på ruta. Tilbyder 1 brukar ei diesel-løysing og gjer dei naudsynte tiltaka for å redusere CO2-utslippene med de påkravde 25 %. Tilbyder 2 kjem inn i ruta med båtar som kan køyre passasjerane med nullutslepp inn og ut av fjordar og hamner, kanskje også heile ruta. Kva båt ville du helst ha opplevd ruta med?

Ut i frå dei erfaringane cruiseindustrien har gjort seg, kan ein lett sjå for seg at tilbyder 2 går rutene sine med fulle båtar, medan tilbyder 1 sine turar går med langt lågare belegg.

På toppen av dette vil det komma auka miljøavgifter på utslepp frå skip, meir miljødifferensiering av hamneavgiftene og strengare krav for utslepp i fjordane dei nærmaste åra. Ein må ikkje stilla seg slik at skip som vert bygd for Kystruteanbodet frå 2020 må byggjast om til ein høg kostnader om få år.

Teknologien er klar!

Gjennom elektrifiseringa av ferjeflåten har industrien vist at teknologien er klar, og me veit at norske leverandørar kan levera løysingane. Samtidig vil NOx- fondet og Enova kunne tilby gode støtteordningar til investeringar i nullutsleppløysingar som strekk seg langt forbi krava i anbodet. For eksempel viser våre utrekningar for Kystruta at NOx-fondet kan gi opptil ein milliard kroner i støtte ved omlegging til heilt utsleppsfrie løysingar!

Erfaringane frå ferjeindustrien viser vidare at slike høgteknologiske løysingar aukar sjansane for at båtane vert bygd i Noreg. Anbodet har dermed potensiale til å resultere i milliardkontraktar til norske verft og leverandørar, og ytterlegare styrka Norges posisjon som verdsleiande innan miljøvennlege maritime løysingar.

Turistane ynskjer grøne båtar, teknologileverandørane er klare og støtteordningane er på plass. Kystruta kan bli Noregs neste store internasjonale spydspiss for miljøvennleg skipsfart. No er det opp til industrien å gripa moglegheitene.