15 mars 2019 vert ein ny merkedag i norsk offshore historie skrive.

Då forlèt verdas største bustad-og utstyremodul Kværner Stord for å bli installert på Johan Sverdrup feltet. Installasjonen vil då bli komplettert med den beste tilgjengelege teknologi, og ein vil vera i stand til å hente opp ressursar frå feltet dei neste 50 åra. Det er estimert at feltet vil gje nær 900 milliardar i inntekter og halde fram med å vera eit viktig bidrag til vår velferd, vår sysselsetting og verdiskaping. 

Basert på årtider med utvikling og innovasjon, kan vi stolt vise fram norsk leverandørindustri sin fremste kompetanse, og leverer eit produkt til rett tid og til ein kostnad som viser dei har greidd den tøffe omstillinga etter oljeprisfallet.

Teknologiutviklinga har gjev oss eit CO2 utslepp under produksjon på denne installasjonen som tilsvarar3,5% av snittet for utslepp av CO2 på verdsbasis, eller 1,7% av CO2 utslepp ein har ved oljesandproduksjon. Dette er ei følje av dei investeringane vi har gjort mellom anna ved å elektrifisere feltet. Basert på dette er det relevant å spørje: Kven bør då stenge olje- og gass kranane først? Er det Noreg eller er det andre petroleumsnasjonar?

Dei fleste vil hevde at det ikkje er oljeproduksjonen som er problemet. Det er forbruket av petroleum. Det er rett. Difor har Noreg teke mål av seg til å vera leiande også i det grøne skiftet. For det er faktisk mogleg å ha to tankar i hovudet samstundes.

På skuldrene av vår teknologiutvikling både innan maritim næring, vår vasskraftproduksjon og vår offshore-teknologi, skal vi bygge morgondagens fornybarsamfunn og fossilfrisamfunn. Vi er i front når det gjeld grøne framdriftssystem for skip, godt drive fram av eit næringsliv som tek utfordringa, klynger med spisskompetanse, innovasjonsprogram og gode støtteordningar. Støtteordningar som er mogelege fordi vi kan nytte ein del av inntektene vi får gjennom petroleumsnæringa til å stimulere til fornybarsamfunnet.

Vi nyttar både gulrot og pisk. Vi stimulerer folk til å kjøpe el-bil gjennom økonomiske insentiv samstundes som vi seier at alle bilar som vert solgt etter 2025 skal gå på fossilfritt drivstoff. Vi innoverer i industrien slik at innsatsfaktorar vert basert på fornybare kjelder, og vi har utviklingsprosjekt for å fange og lagre CO2. Vi ønskjer å vera mellom dei fremste i verda for å få fram ein teknologi for flytande havvind, og vi ivrar for at CO2-prising skal bli ei sterk drivkraft for å få EU til å legge om frå fossil til fornybar kraft. Og vi innoverer innan digitalisering og energisparing.

Tyskland set seg mål om å fase ut kol innan 2032. Sjølv om fornybarandelen på sikt for sol og vind vil overstig 100%, vil det vera dagar der sola ikkje skin, og vinden ikkje bles. Difor vil Tyskland vere avhengig av norsk gass – også i framtida. Dette seier dei fordi Noreg har stabile rammevilkår, og dei kan vera trygge på stabil energileveranse.

Dette fortel med all tydelegheit at Noreg må halde fram med å produsere petroleum med lågt karbonavtrykk for å bidra til å få ned vårt globale CO2 fotavtrykk, samstundes som vi må nytte alle tilgjengelege ressursar på å stimulere til, forske på, og sette krav til reduksjon i CO2 utsleppa. Vi skal produsere fornybar kraft og ta denne i bruk gjennom ladeinfrastruktur og distribusjonsnett. Vi skal vera føregangsland for forsking og utvikling av karbonfangst og lagring, og vi skal syte for stabile rammevilkår som gjer at Noreg vert det foretrukne land for internasjonal kapital når det gjeld langsiktige investeringar på energisektoren.

Då treng vi stabilitet og ro kring leiterefusjonsordninga. Då treng vi langsiktigheit og djerve politikarar som ser at stabile rammebetingelsar er ein føresetnad for dei investeringar som vert gjort.

Det vi minst av alt treng, er politikarar som stiller spørsmål med viktige føresetnader for vår petroleumsdrift, som det leiterefusjonsordinga er eit godt døme på. Eller politikarar som indikerer dato for når vi skal slutte med vår petroleumsproduksjon før vi har fått opp alternative fornybare eller karbonfrie energi-kjelder til å dekke meir enn vårt eige behov. Noreg er eit lite, men viktig land i verda. Det kan vi framleis vera om vi forvalte våre ressursar, vår kompetanse og vår politikk på ein klok og strategisk god måte.  Alternativet kan bli så mykje verre.