ELEKTRISK: Equinor-sjef Eldar Sætre (midten) vil kutte klimautsleppa på norske plattformer og anlegg med 40 prosent innan 2030. Det er glimrande, men vil neppe stagge klimakritikken, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva. Biletet er frå måndagens pressekonferanse, der Sætre presenterte planen saman med Arne Sigve Nylund og Grete Birgitte Haaland. Foto: Heiko Junge

«To forsøk på bedrageri i oljedebatten»

Sorry, MDG: Johan Sverdrup blir ei gullgruve. Sorry, Equinor: Elektriske oljeplattformer vil ikkje stagge klimakritikken.


  • Hans K. Mjelva
Publisert

I dag opnar statsminister Erna Solberg (H) det som truleg blir den siste giganten i Nordsjøen, oljefeltet Johan Sverdrup.

Feltet illustrerer betre enn noko den norske folkesjela anno 2020, riven mellom gleda av ein oljefinansiert velferdsstat og dårleg klimasamvit.

Talsperson Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) omtalte søndag feltet som «en gigantisk feilinvestering».

Det er mogeleg ho meinte det meir klima-moralsk. Reint økonomisk er det i alle fall tull. Feltet vil vere nedbetalt i løpet av eit par år, resten vil vere rein profitt (minus driftskostnader, sjølvsagt).

Så sjølv om klimapolitikken i verda skulle bli kraftig skjerpa i åra framover, vil Noreg ikkje tape pengar på Johan Sverdrup. Høgst truleg vil både staten og oljeselskapa tene enorme summar.

Les også: Equinor skal satse hardt på elektrifisering

Ein grunn til det er at heile to tredelar av feltet vil vere tømt innan 2030. Lite tyder på at klimapolitikk og konkurranse frå fornybar energi vil gjere olje overflødig så raskt. Dermed vil staten truleg tene mesteparten av dei 900 milliardar kronene, som feltet ifølgje Equinor vil føre med seg.

I gode, gamle dagar ville dette gjeve ei pur glede hjå alle nordmenn, med unntak for nokre økofilosofar som ingen brydde seg om. Slik er det ikkje lenger.

Klimasaka er no den viktigaste politiske saka hjå norske veljarar, viste ei spørjeundersøking i november. For mange er det ikkje lenger uproblematisk at «verdas rikaste land» blir endå rikare ved å selje stoffet som øydelegg kloden.

Johan Sverdrup-feltet inneheld olje og gass som svarar til 2,7 milliardar fat olje. Brenn du alt dette, vil det sleppe ut om lag 1,2 milliardar tonn CO₂.

Det svarar til heile Noregs utslepp i 24 år.

Johan Sverdrup er talande for måten Noreg taklar motsetninga mellom freistande inntekter frå olje og ønsket om å gjere godt i verda: Plattformene på feltet går på straum, frå land.

Som ei slags oppkøyring til dagens opning la Equinor i går fram planar som vil ta dei vidare i same lei: Klimautsleppa frå produksjonen skal kuttast med 40 prosent innan 2030, så vidare mot null i 2050. Utsleppa i 2030 vil då vere redusert med over fem millionar tonn CO₂. tilsvarande ti prosent av alle klimautsleppa i Noreg.

NHO og LOs oljelobbyorgan Konkraft følgde opp med tilsvarande løfter, som òg inkluderte skipsfarten.

Det norsk oljeindustri gjer her er glimrande. Men i høve til utsleppa som kjem når norsk olje og gass blir brukt elles i verda, er det ikkje rare greiene.

Equinor-sjef Eldar Sætre nemnde både investorar og rekruttering av ungdom på pressekonferansen måndag. Oljeselskap er under press frå båe hald.

Men viktigast er likevel norske veljarar. Kampen om oljenæringas rammevilkår vil hardne til i åra som kjem. Equinor seier dei legg til grunn for 2050-målet at rammevilkåra er stabile, inkludert skattesystemet.

Det er ønskjetenking. Ta til dømes leiterefusjonsordninga. Den diskusjonen er allereie på full fart inn i landets to viktigaste parti, Høgre og Ap.

Denne ordninga gjer at staten betalar mesteparten av leitekostnadene for oljeselskap som går med underskot. Det har ført til ei stor oppblomstring av nye, små oljeselskap. Dei borar etter olje som aldri før.

Leiterefusjonsordninga gjer at staten vil ta mesteparten av tapa, viss felta i framtida ikkje blir lønsame. Risikoen for det vil auke i takt med at klimapolitikken blir stramma inn, og fornybar energi og lagring blir billigare.

Å skrinlegge ordninga vil fort kunne stå fram som eit relativt fornuftig klimatiltak.

Eit anna PR-problem for Equinor er at utsleppsargumentet er slitent. At norsk oljeproduksjon slepp ut mindre CO₂ enn andre land, har vore omkvedet i lang tid.

I 2015 prøvde Equinor, den gong Statoil, å lansere norsk olje som «lavkarbon-olje», utan at det førte til anna enn at folk drog på smilebandet.

Kutta dei kjem med no blir difor fort oppfatta som gammalt nytt.

Dessutan: elektrifiseringa kan fort ende med å handle om vindkraft. Sætre vedgjekk på pressekonferansen at så mykje straum som dei treng, fordrar utbygging av «ny kapasitet». Det kan i seg sjølv fort bli upopulært.

Eg trur dagens opning av Johan Sverdrup er langt betre omdømebygging for Equinor og norsk oljeindustri. Den minner oss alle på kor mykje bra oljen har gjort for Noreg, og at vi er i same båt.

Dagen i dag er difor både ein dag for å feire det norske oljeeventyret, og for å markere at det no kjem ei ny tid.

Både Noreg og Equinor bør bruke inntektene frå Johan Sverdrup og andre felt godt. Båe treng å bu seg på ei fossilfri framtid.

Utsleppskutta er ifølgje Equinor lønsame i seg sjølv, så vidt. For det kostar, stadig meir, å sleppe ut CO₂. Økonomi er likevel ikkje det viktigaste. I så fall hadde det vore betre å bruke pengane på utvinning av olje. Utspelet handlar først og fremst om å skaffe seg betre omdøme.

Les også: Sylvi Listhaug: – Jeg kommer til å være veldig oljevennlig

Del på
facebooktwitterlinkedinemail