Johan Sverdrup-feltet. Foto: Carina Johansen, NTB SCANPIX

«Ein farleg cocktail for økonomien»

KOMMENTAR: No gjeld det å spenne fast beltet. Eit oljepris-sjokk på toppen av korona-utbrotet kan skape store problem i norsk økonomi.


  • Hans K. Mjelva/ kommentator i Bergens Tidende
Publisert

Uttrykket«ei ulykke kjem sjeldan åleine» har knapt passa betre.

Søndag kom det siste av tre store sjokk, som til saman kan føre verdsøkonomien ut ei djup krise. Viss du lurer: sjølv Noreg vil merke dette.

I 2018 lågverdsøkonomien an til å løfte seg igjen, etter ti år med svak vekst etter finanskrisa. Til og med Europa låg an til ein liten økonomisk oppgang.

Så starta Donald Trump sin handelskrig, og veksten vart redusert igjen.

Det nye koronaviruset

I januar i år kom koronaviruset, som OECD reknar vil redusere veksten ytterlegare i verdsøkonomien, med 0,5 prosent.

Søndag kom det tredje sjokket: Saudi-Arabia varsla priskrig på olje. Russland hadde sagt nei til å kutte i produksjonen, for å demme opp for at verda brukar mindre olje på grunn av koronautbrotet.

Saudi-Arabia svarte med å dumpe prisen på sin olje, og varsle at dei no vil auke produksjonen.

Oljeprisen fall som ein stein, med 30 prosent. Det største fallet sidan Irak-krigen i 1991. Utover på måndag stabiliserte prisen seg på 35 dollar fatet. Det er nær ei halvering sidan årsskiftet, og langt under det regjeringa har rekna med i statsbudsjettet.

Vil knekke skiferolje-produksjonen

Kvar dette endar og kor lenge det vil vare, veit ingen. Russlands største oljeselskap, statseigde Rosneft, svarte med at dei òg vil auke produksjonen frå 1. april.

Det russiske finansdepartementet uttalte måndag at landet har nok pengar på bok til å leve med ein oljepris på 20–30 dollar fatet i minst seks år.

For russarane handlar dette om å knekke den amerikanske skiferolje-produksjonen. Amerikanarane har over langt tid tatt marknadsandelar fordi Russland og OPEC har halde prisane oppe, ved å bremse produksjonen.

Høgt spill

Samstundes er mange skiferolje-selskap i ferd med å gå tom for pengar, og er heilt avhengig av at OPEC og Russland held oljeprisen oppe. Det vil dei altså ikkje lenger gjere.

Når Russlandgår så høgt ut, er det lite som tyder på at Saudi-Arabia kan tvinge dei tilbake til forhandlingsbordet, viss det var meininga.

Likevel: Begge land er økonomisk svært avhengige av inntektene frå oljeproduksjonen. Til no har dei difor vore nøgde med at oljeprisen låg på rundt 60 dollar pr. fat.

Ein oljepris på 35 dollar fatet vil treffe dei hardt. Det talar for at dei kan snu, før dagens avtale går ut 31. mars.

Førebels verkar det eit stykke unna, men det kan vere duka for eit kompromiss som gjer at dei styrer mot 45 dollar. Det kan vere nok til å skvise ut ein del av skiferoljen.

Usikre jobbar i leverandørindustrien

Dermed kan verda gåinn i ein lengre periode med oljepris på rundt 35–45 dollar fatet. I Noreg vil det gå hardt ut over fortenesta i oljeselskapa og statsinntektene.

Blir det langvarig, vil det òg kunne gje fall i oljeinvesteringane, og meir usikre jobbar i leverandørindustrien.

Kan vesentlig svekke norsk økonomi

Dei som ikkje jobbar i oljenæringa, vil ikkje merke så mykje til oljeprisfallet i første omgang, bortsett frå at rentene truleg vil gå ned.

Kjem på toppen

Problemet erat prisfallet kjem på toppen av koronakrisa og ein svak verdsøkonomi.

Koronaviruset har allereie ført til at bestillingar hjå store hotellkjeder som Choice er halverte. Dei førebur permitteringar. Flyselskap, festivalar, restaurantar og reiseliv elles kan rekne med ein økonomisk smell. SAS melde måndag at dei kuttar 2000 flygingar i mars.

Eksportretta næringar som industri, fisk og shipping vil òg merke det når veksten i verdsøkonomien bremsar opp.

Kor alvorleg koronaviruset blir for økonomien er heilt avhengig av kor raskt verda får kontroll med utbrotet. Kina verkar å ha fått kontroll, men det er ikkje tilfelle elles i verda.

I helga stengde Italia av heile den økonomiske viktige delstaten Lombardia for å få betre kontroll. Slike tiltak får store økonomiske følgjer.

Knyter seg uvisse til USA

Størst uvisse knyter det seg til USA, som framleis er verdas viktigaste økonomi. Der er frykta at mangel på sjukeløn og helseforsikringar gjer at folk går på jobb, og dermed spreier sjukdomen.

I tillegg har det amerikanske helsevesenet lite ekstra kapasitet til å ta eit eventuelt storutbrot.

Eit større utbrot i USA vil kunne få svært alvorlege økonomiske følgjer. Det vil òg kunne få store menneskelege følgjer, sjølv om dei nok vil bli verre viss ein får eit utbrot i eit fattigare land.

Ny global finanskrise?

Verda trong verkeleg ikkje endå eit økonomisk sjokk, som oljepriskrigen er. Normalt vil lågare oljepris vere positivt for alle dei som importerer olje, fordi utgiftene til energi går ned.

Men når det kjem på toppen av ein svak økonomi som er blitt endå svakare av koronautbrotet, kan oljeprissjokket skape deflasjon (prisnedgang) i mange land.

Legg du til at næringslivet verda over er nedsylta i gjeld, har du ei blanding som kan utløyse ei ny, global finanskrise. Då vil sjølv nordmenn flest merke det.

Del på
facebooktwitterlinkedinemail