FRAMTIDA? Den norskeigde havvindparken Sheringham Shoal består av 88 vindturbinar plassert utanfor kysten av Norfolk i England. Turbinane står på grunt vatn. FOTO: CHPV/SCIRA OFFSHORE ENERGY / NTB SCANPIX

«Kva vil Norge med havvind?»

– Det er ikkje nok å opne område og så håpa at industrien løyser resten, skriv forfattarane av innlegget.


  • Finn Gunnar Nielsen (professor i havvind
  • UiB) og Kristin Guldbrandsen Frøysa (Energidirektør
  • UiB)
Publisert

Erna Solberg er intervjua i Sysla 26/6 om norsk havvind, der ho blant anna seier:

– Vi kan ikke anta at havvind vil ha samme superprofitt som olje- og gassnæringen.

Det er ingen av aktørane i havvindindustrien som trur at havvind vil ha same profitt som norsk petroleumsnæring. Hadde det vore slik, hadde heile debatten om rammevilkår for å få styrka og vidareutvikla norsk havvind-industri vore ikkje-eksisterande.

Botnfast havvind er veletablert, og i Europa var det 105 havvindparkar med 4543 nettilknytta vindturbinar ved utgangen av 2018 (WindEurope). Kostnadene ved botnfast havvind i Europa har falle med 63 % sidan 2012, blant anna på grunn av større og meir effektive turbinar. Fleire utbyggarar planlegg no parkar til prisar under 50 Euro/MWh, t.d. Dunkirk Offshore Wind Farm i Frankrike, der prisen pr. MWh er sett til 44 Euro. Parken skal vera i drift i løpet av 2022.

Denne teknologiutviklinga hadde ikkje vore mogeleg utan ulike offentlege støtteregime.

Det danske energiselskapet Ørsted (tidlegare DONG), som er verdas største havvindselskap, oppsummerer erfaringane frå utviklinga av botnfaste vindturbinar slik:

By creating clear and credible market volumes for offshore wind energy, and by sticking to ambitions in times of economic hardship, policymakers allowed for scale. The stable framework conditions made it possible for the industry to invest, build, learn and thereby innovate across the value chain, which in turn lowered costs (Rapporten Making green energy affordable, Ørsted 2019).

Finn Gunnar Nielsen og Kristin Guldbrandsen Frøysa. Foto: Marit Hommedal/NORCOWE og Eivind Senneset/UiB

Innan flytande havvind er ein framleis i ein pilotfase, med fleire norske aktørar i fremste rekkje. Både utbyggarar som Equinor og leverandørar som Aker Solutions, Kværner, Aibel og Dr. techn. Olav Olsen har teknologi og kompetanse innan flytande havvind.

Spørsmålet er korleis Norge som nasjon skal få utnytta denne kompetansen og kva insentiv som trengst for å utvikla næringa.

Erna Solberg viser til utbygging av havvind-parkar for å forsyna olje- og gassfelt med straum som den mest naturlege vegen vidare. Hywind Tampen er eit slikt prosjekt, og ei realisering av dette prosjektet vil vera viktig for norsk havvindindustri.

Men Hywind Tampen er framleis eit lite prosjekt, og det trengst betydeleg større prosjekt for at flytande havvind skal få den skala-effekten som ein har sett innan botnfast havvind. Det knyter seg derfor stor spenning til kva regjeringa foreslår i høyringsnotatet for Utsira Nord som skal koma før sommaren.

Det er ikkje nok å opne område og så håpa at industrien løyser resten. Det trengst bidrag også frå det offentlege. For oss er det eit paradoks at Norge har ei svært lukrativ leiterefusjonsordning for petroleumsindustrien, men at det ikkje syns å vera vilje til gode insentiv for havvindenergi.

Vi håper at det vert etablert rammevilkår som vert gode nok til at norsk industri tør å ta sjansen på flytande havvind i norske farvatn, og slik sikra at norske firma etter kvart kan verta store, internasjonale havvindaktørarar.

Om Norge er i ferd med å hamne bakpå i havvind-markedet har vore tema i Sysla-podkasten Det vi lever av. Høyr episoden her:

Del på
facebooktwitterlinkedinemail