«Krisetiltak i eit Kinderegg: Arbeidsplassar, grøn omstilling og auka eksport»

Kan krisetiltaka rusta oss for framtida? Kan dei offentlege strakstiltaka redda arbeidsplassar og gjera oss mindre oljeavhengige i framtida? Ja, meiner me i NCE Maritime CleanTech.


  • Hege Økland
  • Administrerande direktør
  • NCE Maritime CleanTech
Publisert

Krisetider gir store utfordringar, men det gir også rom for å tenka nytt rundt norsk industri. Ved å investera i løysingar og ny infrastruktur som legg til rette for eit fornybart energiskifte, kan me bidra til å oppretthalda aktivitet i store delar av vår maritime leverandørindustri, og styrka vår konkurranseevne globalt.

Den norske maritime leverandørindustrien har vist si unike innovasjonsevne ved å få fram løysingar som bidreg til store kutt i klimautsleppa frå skipsfarten. Først og fremst gjennom å elektrifisere fartøy som opererer kortare samband, slik som ferjene.

Like før Korona-viruset ramma verda og industrien vår her på Vestlandet, var kva som vil vera framtidas drivstoff det store temaet på dei fleste shippingkonferansar og bransjemøter. Bakteppet for desse diskusjonane er at den internasjonale skipsfarten skal redusera sine utslepp med 50 prosent innan 2050. Samstundes har Norge forplikta seg til å redusera utsleppa frå innanriks skipsfarten med 50 prosent innan 2030. Dette er ambisiøse og naudsynte målsetnader, som må stå ved lag sjølv om verda har blitt ramma av eit virusåtak som set mykje ut av spel. I klimamåla ligg også store eksportmoglegheiter for norsk industri.

Ein føresetnad for å utnytta dette potensialet er at me får opp løysingar, meir innovasjon og ein ny energiinfrastruktur. Vår oppmoding til regjeringa og fylkeskommunane er å bruka nokon av dei ekstraordinære krisemidlane til å bidra til at me kjem ut av Korona-krisa både sterkare og grønare.

Me har framlegg til fem konkrete strakstiltak, som vil gi oss kinderegg-effekten med auka aktivitet, meir eksport og grøn omstilling:

Hege Økland

1. Bidra til at pågåande innovasjonsprosjekt ikkje vert stoppa

Porteføljen av grøne innovasjonsprosjekt i den maritime næringa er stor, og har eit stort eksportpotensiale. Mange av innovasjonsprosjekta har allereie fått risikoavlastning i form av støtte frå Enova, Innovasjon Norge eller Forskningsrådet. Prosjekta får maksimalt 50 prosent offentleg støtte av eit budsjettert kostnadsgrunnlag, og denne støtta vert utbetalt etter prosjektslutt. Fleire prosjekt står no i fare for å bli stoppa, som følgje av manglande likviditet hos bedriftene, eller fordi prosjekta vert dyrare som følgje av låg kronekurs eller andre forhold i kjølvatnet av Korona-viruset. Det er viktigare enn nokon gong at me held innovasjonstempoet oppe, og då må det offentlege verkemiddelapparatet ha fullmakt til å vurdere støttegrunnlaget på nytt, samt utbetale støtta før prosjektslutt for å avhjelpe i ein vanskeleg likviditetssituasjon.

2. Set i gang planlagde offentleg–private utviklingsprosjekt

I samarbeid med Haugesund kommune, ser NCE Maritime CleanTech på korleis små elektriske bybåtar, og etterkvart autonome bybåtar, kan inngå i kollektivtransporten. Mange byar i Norge ser på tilsvarande løysingar for å avlasta vegnettet sitt. No er tida for å finansiera det første pilotprosjekt som kan brøyta veg for fleire tilsvarande bybåtprosjekt, og vera eit flott utstillingsvindauge for mange av verdas storbyar som slit med både luftforureining og eit overbelasta veg- og tognett.

3. Utlys utviklingskontrakt for ein utsleppsfri hurtigbåt – helst før sommaren 2020

Vestland fylkeskommune har vedtatt at hurtigbåtane skal vera utsleppsfrie frå 2024. For å nå dette målet må teknologien utviklast og demonstrerast, og regelverk knytt til tryggleik og drift må på plass. Verdas første batteriferje, MS Ampere, bana veg for el-ferjer. Tilsvarande må gjerast på hurtigbåtar dersom teknologien skal bli klar til ordinær anbodsutlysing, og staten må bidra med midlar som dekker fylkeskommunane sine meirkostnader ved å velja nullutsleppsteknologi i ein overgangsfase.

Hydrogendrift på hurtigbåt kan, dersom denne teknologien vinn fram i ei slik utlysing, få moglegheit til å bli testa ut og kvalifisert i fullskala. Dette vil gi oss viktig erfaring før ei storstilt satsing på nullutslepps hurtigbåtar skal skje frå 2024 og framover.

4. Stimuler til idèutvikling og tidlegfase innovasjon

Mange av dei banebrytande prosjekta som har kome ut av klyngesamarbeidet i NCE Maritime CleanTech er eit resultat av designdrivne innovasjonsprosessar der ein har fått fram ulike løysingar som svarar på ei rekke samfunnsutfordringar. Her har me som klynge samla dei sentrale premissgivarane (kundar, regulatoriske styresmakter, leverandørar og designarar). Mange av næringsklyngene har opparbeidd ein god metodikk for å gjennomføra slike prosessar, og nye midlar til denne type idéutviklingsaktivitetar er særskilt viktig no.

5. Ny infrastruktur for hydrogenbaserte energibærarar

IEA har nyleg peika på at storskala investeringar i solkraft, vindkraft, hydrogen, batteri og CCS må vera ein sentral del av styresmaktene sine kriseplanar. Norge har svært gode føresetnader for å utvikla ny infrastruktur for nullutsleppsdrivstoff til skip.

Me har med vår store tilgang til fornybar energi, svært gode føresetnader å etablera storskala produksjon og distribusjon av både hydrogen og ammoniakk som drivstoff til skip. Dette er drivstoff som Norge kan eksportera saman med framtidas energiløysingar for skip. Gjennom målretta verkemidlar til slike prosjekt kan norske myndigheiter bidra til å skapa eit nytt eksporteventyr.

Fleire av desse fem tiltaka må uansett gjerast om me skal ha noko som helst sjanse til å nå klimamåla. Vårt bodskap er at industrien no treng at dei vert framskunda og forsterka slik at me ikkje taper utviklingsfart, og slik at me kan komma styrka ut av ein svært utfordrande situasjon!

Del på
facebooktwitterlinkedinemail