Foto: Paul S. Amundsen/Privat

– Særskatt på galt grunnlag?

Sjøbasert oppdrett vil misse konkurranseevne både overfor andre oppdrettsland og ny teknolgi som landbasert oppdrett. Over tid kan dette slå svært uheldig ut for næringa.


  • Professor Trond Bjørndal
  • Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) og NTNU Institutt for Internasjonal Forretningsdrift
Publisert

Skattleggjing av havbruk, som nyleg vart offentleggjort, kjem med forslag om innføring av ein ny skatt på det dei upresist kallar «grunrente» i oppdrett av laks og aure som kan gje ei årleg inntekt til staten på sju milliardar kroner. Dette kan virke tiltalande, men når ein les rapporten, kan ein relativt enkelt konstantere at det faglege grunnlaget for innføring av ein slik skatt ikkje er til stades.

Det er velkjent at utnytting av ein naturressurs kan gje opphav til verdiar ut over det normale dersom det er knapp tilgang på ressursen slik tilfellet er for olje og fisk. Likevel skal ein vere merksam på at det er tale om ikkje berre ressursrente, men og om verdiar som næringsaktørane sjølv i stor grad skaper.

I økonomifaget vert slike omgrep definert på ein svært presis måte. I rapporten drøftar ein både ressursrente og regulatorisk rente, men let begge gå inn i omgrepet grunnrente. Dette er ikkje i samsvar med økonomisk teori, fordi det er heilt ulike grunnar som kan gje opphav til desse to formene for «rente».

Etter mi vurdering er det rimeleg klart at i den grad det eventuelt er rente i denne næringa, so er den av regulatorisk art: det er offentlege reguleringar av løyve, lokalitetar og biomasse som er bindande for produksjonen av laks og aure. Dette har og konsekvensar for eventuell skattleggjing.

Det er og ein annan vesentleg faktor som eventuelt kan gje opphav til ekstraordinær avkasting, og det er intramarginal rente. Dette kan skuldast ulik produktivitet ved lokalitetar, men og det ein kan kalle ein «oppdrettareffekt» – det faktum at enkelte oppdrettarar er meir effektive enn andre og soleis oppnår betre økonomiske resultat. At denne effekten er viktig, kjem klart fram ved det faktum at det er stor skilnad i økonomisk resultat mellom ulike oppdrettsselskap. Intramarginal rente, og skattleggjing av den, vert i det heile ikkje drøfta av utvalet. Det er ein stor veikskap.

Utvalet legg til grunn estimat av «grunnrente« i oppdrett utført av professor Mads Greaker, OsloMet og forskar Lars Lindholt, SSB. Som påvist av professor Atle Guttormsen ved NMBU, heftar det seg vesentlege feil ved desse estimata ettersom ein ser bort frå kapitalbinding i fisk og oppdrettsløyve. I tillegg til det professor Guttormsen viser, er det og andre vesentlege problem ved analysen, m.a. ved at ein ser bort både frå regulatorisk rente og intramarginal rente. Ein konsekvens av dette er at tala på ingen måte kan nyttast som estimat av eventuelle «rente» i denne næringa.

Til saman viser dette vesentlege manglar i viktige føresetnader utvalet legg til grunn for sin analyse og i forslaget om innføring av skatt på «grunnrente». Det ein då endar opp med i praksis er ein særskatt på oppdrett.

Ein slik særskatt vil ha mange uheldige konsekvensar. Sjøbasert oppdrett vil misse konkurranseevne både overfor andre oppdrettsland og ny teknolgi som landbasert oppdrett. Over tid kan dette slå svært uheldig ut for næringa.

Særskatten vil redusere investeringane i næringa. På sikt vil det og redusere verdiskapinga i næringa, noko som er i strid med politiske målsetjingar om havbruk som ein vekstmotor for framtidig næringsutvikling.

Ein konsekvens av særskatten er at den vil redusere verdien på oppdrettsløyve. Dette er ikkje mindre enn statleg konfiskasjon av privat eigedom, noko som er svært urovekkande. Vidare vil det svekke soliditeten til oppdrettsbedriftene. Utvalet viser til at resultata i næringa er varierande over tid. Lat meg minne om at rundt 1990 gjekk omtrent halvparten av oppdrettsbedriftene konkurs. Rundt tusenårs-skiftet gjekk og mange bedrifter konkurs. Hovudgrunnen til det var manglande soliditet: ein hadde gløymt den gamle lærdomen om at etter sju feite år kjem det sju magre år. No har næringa hatt fleire feite år, men etter mi meining er det berre eit tidsspørsmål før det på nytt melder seg magre år. Då vil god soliditet vere avgjerande for å klare seg.

Det er og viktig å vere merksam på at det er næringa som i stor grad sjølv har skapt mykje av verdiane det er tale om. Dette er gjennom teknologisk utvikling, det vere seg utvikling av vaksiner, foring, utstyr, betra røkt og meir. Eit døme er utviklinga frå handforing av fisken, til dels frå robåtar, i næringa si tidlege historie, til automatstyrt foring som ein har i dag. Dette har medvirka til produksjonsauke, betra produktivitet og reduserte kostnader.

Det er og næringa som sjølv har utvikla marknadene med eksport av laks til meir enn 150 land. Det er grenselaust naivt å tru at «laksen sel seg sjølv». Det gjer den ikkje. Laksen vert selt av flinke eksportørar som dagleg står overfor intens konkurranse ikkje berre frå laks frå andre land, men og frå mange andre produkt.

Næringa står no overfor miljøproblem. Alle gode krefter bør gå saman om å løyse dei og medvirke til vidare ekspansjon. Ein norsk særskatt på ei dynamisk og framtidsretta næringa er det ein treng minst av alt.

Grunnrenteskatt i oppdrettsnæringen er tema i siste utgave av Sysla-podkasten. Hør blant annet NHH-professor Linda Nøstbakken, som satt i Havbruksskatteutvalget, forklare hvorfor hun mener det er på tide at næringen skattlegges hardere.

Del på
facebooktwitterlinkedinemail