Havvindparken Sheringham Shoal består av 88 vindmøller plassert utenfor kysten av Norfolk i England. Turbinene står på grunt vann. FOTO: CHPV/SCIRA OFFSHORE ENERGY / NTB SCANPIX

«Norge bør satsa på flytande havvind»

Innan flytande havvind kan Norge spela ein viktig rolle som teknologileverandør, skriv forfattarane av innlegget.


  • Finn Gunnar Nielsen (professor i havvind
  • UiB) og Kristin Guldbrandsen Frøysa (Energidirektør
  • UiB)
Publisert

Roger Valhammer foreslår i Sysla den 18. juni å oppretta eit statleg selskap for havvind. Vi foreslo det same i Sysla for i april i år.

Vi er einige med Roger Valhammer i at havvind kan verta eit nytt norsk industrieventyr. Norsk industri har alt betydelege leveransar til utanlandsk havvindindustri, men potensialet er mykje større.

Vi kan få til langt meir dersom vi satsar på flytande havvind. Flytande havvind er enno i oppstartsfasen. Verdas første fullskala flytande vindturbin, Hywind, var norsk. Prosjektet starta i Norsk Hydro, og vart realisert av Statoil i 2009. Hywind Scotland med 5 turbinar er den einaste flytande vindparken som er i drift i no. Men teknologien byggjer på kjende komponentar og kan derfor raskt skalerast opp.

Fleire flytande vindparkar er under planlegging, blant anna Hywind Tampen som Equinor står bak. Dersom den vert realisert, vil det vera den første vindparken i norske farvatn. Hywind Tampen vil vera eit naturleg steg vidare frå Hywind Scotland, sidan det er snakk om fleire turbinar (11) og større turbinar (8 MW) enn på Hywind Scotland. Det neste steget vil vera ein stor park med flytande vindturbinar i norsk farvatn. Ein slik park vil bidra til tre ting: Klargjera leverandørindustrien til ein internasjonal marknad, redusera kostnader gjennom auka volum og bidra med fornybar kraft til transport og eller olje-gass sektoren.

Flytande havvind er i kraftig utvikling globalt, med mange ulike konsept. Fleire land ser på flytande havvind som eit vesentleg bidrag til deira fornybare straumproduksjon.

Innan flytande havvind kan Norge spela ein viktig rolle som teknologileverandør. Då treng vi gode rammevilkår og vilje til å satsa. Botnfast havvind er i dag moden teknologi. Det er planlagt parkar i Nordsjøen der utbyggjar ikkje har bedt om subsidiar, og kostnadene pr kWh frå botnfast havvind har falle kraftig dei siste 5 åra. Ei liknande utvikling er venta for flytande havvind. Her må Norge aktivt bidra og ikkje venta på kostnadsreduksjonane.

Regjeringa kunngjorde i midten av juni at «Før sommeren vil Olje- og energidepartementet sende på høring et forslag om å åpne området Utsira Nord utenfor kysten av Rogaland for søknader om vindkraft til havs. I tillegg vil det bli bedt om innspill til området Sørlige Nordsjø II.»

Det er eit skritt i riktig retning. Målet må vera at rammevilkåra vert så gode at det vert bygd ein stor, flytande vindpark på Utsira Nord.

Det trengst politisk vilje til å setja Norge i førarsetet på flytande havvind, men vi har alt som skal til for eit norsk industrieventyr dersom viljen er der.

Havnasjonen Norge har egentlig alle forutsetninger for å bli gode på havvind. Men er vi for sent ute i dette markedet? Det har vært tema i Sysla-podkasten Det vi lever av. Hør episoden her:

Del på
facebooktwitterlinkedinemail