I vinter teikna Wärtsilä sin største kontrakt nokon sinne med det kanaiske reiarlaget Teekay, som saman skal utvikle eit nytt konsept for tankskip som tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege løysingar for slike type skip, skriv Stord24.

Konseptet er utvikla i Wärtsilä-miljøet på Stord og i Asker, og fører både til økonomiske og miljømessige vinningar ved at ein reduserer bruken av drivstoff og årlege utslipp av CO2 med meir enn 40 prosent samanlikna med eldre generasjonars tankskip.

I tillegg til å nytta flytande naturgass (LNG) som hovuddrivstoff, vil motorane også kunne køyr på ein blanding av LNG og gassen som fordampar fra oljetankane under lasting, skriv Wärtsilä i ei melding.

For dette er dei no altså nominert til den internasjonale miljøprisen.

– Me er stolte av å kunne bidra med ei fremtidsretta løysing som er med og kuttar både utslepp og utgifter for våre kundar, seier Dagfinn Botnen, leiar for Wärtsilä Power Conversion i Noreg.

Wärtsilä har også levert hybrid framdrift til dei fire nye skytteltankarane Teekay har tinga. Hybridsystemet nyttar batteri for å spara drivstoff, handtere effekttoppar, og tilføre ekstra systemredundans.

Skipa vil bli bygd av Samsung Heavy Industries i Sør-Korea.