Død fisk treng mindre plass. Båtane kan dermed vere mindre og billegare, og dermed bety innsparingar, skriv Nett.no.

Kostnadsdrivande

Viseadministrerande direktør Glenn Bradley i Rostein, som saman med Sølvtrans er ein av dei to av dei største aktørane i brønnbåtbransjen, seier dei internt i reiarlaget har diskutert ei eventuell satsing på bløggebåtar i åtte-ti år.

Fakta
  • Rostein AS er et av de ledende brønnbåtrederiene i verden og har rundt 200 ansatte. Selskapet har hovedkontor i Møre og Romsdal og  tilbyr transport av smolt og slaktefisk og sortering/telling av laks og ørret.
  • I 2017 omsatte selskpaet for 809 millioner kroner, og hadde et resultat før skatt på 222 millioner kroner.
  • Rederiet er også hovedaksjonær i verftet Larsnes Mek Verksted.
Vurderinga hos Rostein er at bløggebåtar vil vere ein kostnadsdrivande faktor for oppdrettsnæringa. Sjølv om bløggebåt vil vere effektivt i nokre område og i visse situasjonar, vil det samla biletet vere at bruk av bløggebåt vil auke kostnadane for oppdrettarane. Bløggebåtane vil ikkje erstattet bruk av brønnbåt, men kome som eit tillegg. Om bløggebåtane overtek ein del av transporten frå oppdrettsanlegg til slakteri vil brønnbåtane framleis vere naudsynte for transport av smolt ut i sjøanlegga, ved sorteringa av fisk og ved behandling av parasittar.

Kostnadane ved bruk av brønnbåt kjem ikkje til å gå tilsvarande ned som eventuelle innsparinga ved bruk av bløggebåt, og dermed blir heller ikkje etterspørselen etter bløggebåtar stor nok til at Rostein vil satse på bløggebåtar, i følgje Bradley.

– Vi har slite med å finne motivasjon for å gå inn i dette, seier Bradley.

240 fisk i minuttet

Even T. Remøy i Volt Service i Herøy satsar på å ha reiarlaget sin første bløggebåt i drift i april i år, og vil byggje ytterlegare to bløggebåtar.

Reiarlaget Napier i Bømlo er allereie i gang og skal har tre nye båtar i marknaden innan sommaren. Anlegga ombord i bløggebåtane til Napier er heilautomatisert og kan ta livet av 240 fisk i minuttet, skriv nettavisa Tekfisk.

Mindre, kjappare og billegare bløggefarty vil overta mykje av tradisjonelle frakteoppdrag frå brønnbåtane, sa dagleg leiar Kjetil Tufteland i reiarlaget Napier då han besøkte seminaret “Digital Harvesting” i Ålesund i november i fjor.