Hos Easy Form i Vågsøy er produksjonen av formene til den oppsiktsvekkande fiskebåten godt i gang. Skulle det kome ein kunde med hastverk kan den første båten leverast alt i haust.

Ein heilt overbygd fiskebåt i kompositt med katamaranskrog og måla 14,99 meter lengde og 8,1 meter breidde, er fartyet som er først i løypa.

Eivind Flister, Gunnar Carlson, foto Ogne

HALVVEGS: Eivind Flister (t.v.) i Easy Form saman med Gunnar Carlson i produksjonslokala til Easy Form. Arbeidet med å formene til båten, er halvvegs. Kjem det ein kunde no kan første båt blir levert hausten 2018, seier Carlson. Foto: Ogne Øyehaug

Arbeidsbpty, Carlsom, supersjark

FLEKSIBEL: Her er det som opphavleg var tenkt som ein sjark blitt ein arbeidsbåt med mellom anna kran og moonpool bak styrehuset. Illustrasjon: Easy Form

Men Carlson og utviklingsansvarleg Eivind Flister i Easy Form er godt i gang med å sjå langt ut over fiskebåtmarknaden.

Sightseeing
På teiknebrettet har dei allereie ein sightseeingbåt og ulike arbeidsbåtar, i tillegg til fiskebåten.

Båten og formene for å produserer den blir dessutan laga i modular, for å kunne bygge båten både lengre – alt etter formålet –  utan at det er naudsynt med eit komplett sett med nye former for kvar storleik eller for ulike bruksområde for båtane.

Carlson anslår at båten kan byggast heilt opp i 27 meters lengd.

– Vi må finne mange marknadar for skroget i og med at det er dyrt å lage formene til det, seier han.

Vaks fram
Easy Form har spesialisert seg på å bygge alle slags former, frå båtar til vindmøllehus.

Selskapet ligg vegg i vegg med modelltanken til Stadt Towing Tank, og begge selskap har Carlson som styreleiar og stor aksjonær.

Skroget er grundig testa i modelltanken, og erfaringane er lovande.

– Då vi såg sjøeigenskapane til båten så forsto vi at vi kunne bruke det mange plassar, seier Flister.