– Vi gjer veldig mykje arbeid rundt cyber security. Det er her dei største utfordringane ligg, seier Jann Peter Strand, produktsjef for automasjon og kontroll i Rolls-Royce Marine, til nett.no.

Rolls-Royce har kome langt i utviklinga av system og teknologi for heilt eller delvise autonome skip.

Fordel å vere stor

Mykje av arbeidet skjer i Ålesund, medan ein del skjer i Finland der finske styresmakter har finansiert FoU-prosjekt for å få eit fullstendig autonomt system for heile Østersjøen innan 2025.

– Vi samarbeider med mange aktørar rundt cyber security. På dette feltet er vi heile tida nøydde til å vere i forkant av utviklinga.

– Det er dyrt, men dette er kostnader vi uansett må ta. I så måte er det viktig at vi er ein del av eit stort konsern, seier Strand.

Rolls-Royce har alt testa ein autonom taubåt i København, og neste år kjem det ferjer med autocrossing-system på plass.

– Dette er berre starten på ei utvikling som vil kome, seier Strand, som er styremedlem i Norsk Forum for Autonome skip.

Erfaring frå forsvaret

Også An-Magritt Tinlund Riste, leiar i teknologiavdelinga i Kongsberg Maritime, ser på cyber security som den største utfordringa.

– Her ser vi på alle farer, og byggjer lag på lag av sikkerheitssystem.

– I Kongsberg har vi den fordelen at vi kan hauste erfaringar på dette området av forsvarsdivisjonen, som er langt framme på nettopp cyber security.

Unikt prosjekt

Under ein konferanse i Fosnavåg om framtida for autonome skip fortalde Tinlund Ryste om dei siste planane rundt Yara Birkeland, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Yara og Kongsberg, og der Herøy-bedrifta Marin Teknikk står for designet.

Yara Birkeland skal vere eit 100 prosent utsleppsfritt og autonomt skip, og skal erstatte 40.000 årlege landtransportar med trailer med kunstgjødsel frå Herøya til Brevik og Larvik.

Kongsberg og Yara er no i sluttforhandlingar om kontraktane, på eit prosjekt som Enova har støtta med 133,6 millionar kroner.

– Med denne satsinga oppfyller vi mange av berekraftmåla til FN. Det er det som gjer prosjektet ekstra spennande, seier Tinlund Ryste.

Tett trafikk

På dette skipet er det ikkje berre transporten mellom hamnene som vert autonomt. Her er det lagt opp til at det også skal gjelde lossing og lasting, i tillegg til å leggje til kai og gå frå kai.

Transporten vil skje i eit område med mykje anna trafikk, ikkje minst av fritidsbåtar. Dette meiner Tinlund Ryste ikkje er noko problem.

– Vi har utvikla system som taklar dette, sjølv om vi skulle få situasjonar med ungdomar i båt som vil tøffe seg eller eldre folk som kjem frå julebord.

Kort stoppetid

Ho seier at løysingane vil vere like trygge eller tryggare enn ved bemanna skip.

– Dette er ein båt som skal kunne stoppe heilt opp på ei og ei halv båtlengde.

– Om båten mister kommunikasjonen med land, vil han stoppe heilt opp og vente på ny beskjed. Om det går så lang tid at energien tek slutt, vil båten automatisk droppe ankeret.

Yara Birkeland vil vere heilektrisk, og om bord vil det vere 90 løpemeter med batteri – i to høgder.

Båten skal etter planen leverast og starte med testing tidleg i 2019, med tanke med å vere i full autonom drift i løpet av 2020.