Avtalen er inngått med fagforeiningane som eitt av tiltaka for å hjelpe konsernet i ein svært krevjande økonomisk situasjon.

Hovedpunkta i avtalen er at med verknad frå 1. juni 2017 og fram til 31. desember 2018 skal alle tilsette i Kleven-konsernet kollektivt bidra til å garantere for eit ansvarleg lån på 24 millionar kroner. Dette er den samla effekten av redusert løn, redusert arbeidsgjevaravgift og reduserte feriepengar.

I praksis vert alle tilsette frå og med lønsutbetaling 20. juli trekt fire prosent av bruttoløna opp til 561.000 kroner, og sju prosent av bruttoløna over denne summen.

Dei tilsette vil få tilbakebetalt lånet, men først etter at konsernet går rekneskapsmessig i pluss.

Eigarane bidreg

Dette går fram av interninfo til dei tilsette ved Kleven-konsernet.

I tillegg til det ansvarlege lånet har eigarane i Kleven-familien gått inn med meir kapital.

Største aksjonær er John Kleven AS med 47,5 prosent av aksjane, ved Annelise Kleven Godø og Kjersti Kleven, der sistnemnde også er styreleiar i Kleven-konsernet.

Kleven har også gjennomført forhandlingar med ei rekkje kundar og leverandørar om å forbetre avtalevilkåra.

Malaysisk mareritt

Ei av årsakene til dei økonomiske vanskane er at det malaysiske joint-venture selskapet IES Pioneer Ltd aldri overtok eit offshore konstruksjonsskip til ein prislapp som truleg er over 500 millionar kroner. Berre ein liten del av summen vart betalt i starten av prosjektet.

Dette marerittskipet var sterkt medverkande til at Kleven i 2015 gjekk på eit tap på ein kvart milliard kroner på drifta.

Utsette Maersk-skip

Kleven var i 2015 i godt lag ettersom norske skipsverft samla det året gjekk 1,6 milliardar kroner i minus, men til liks for fleire andre verftsselskap har også problema for Kleven halde fram inn i 2016. Dette sjølv om det har vore full aktivitet ved verfta i Ulstein og i Gursken.

Kleven-konsernet hadde driftsinntektene på 4,8 milliardar kroner i fjor. Driftsunderskotet blei 210 millionar kroner og underskotet før skatt blei 292 millionar kroner.

Nyleg varsla Kleven at det var gjort avtale om utsett levering av dei fire siste ankerhandterarar i ein serie av seks skip til danske Maersk Supply Service.

I tillegg til dei fire siste Maersk-skipa har Kleven 12 skip i ordreboka, mellom anna dei to ekspedisjonshurtigrutene MS Roald Amundsen og søsterskipet MS Fridtjof Nansen med levering i 2018 og 2019. Her har også Kleven opsjon på ytterlegare to skip til Hurtigruten.

Det manglar dermed ikkje på arbeid, men no må konsernet fortast råd også tene pengar.