Skipsverftet Stadyard i Måløy skal bygge ein 47,7 meter lag fiskebåt for Austevoll-selskapet Nye Radek as.

Båten – bygg nummer 44 for verftet – blir utstyrt for å drive ringnot-, trål- og snurrevadfiske. Skroget blir bygd i Polen, kjem til Stadyard hausten 2019 og fartyet skal leverast sommaren 2020.

Fartyet er designet og utvikla av Rolls-Royce Marine.

Svein Fagerbakke (Radek), Rolf Barstad (Rolls-Royce Marine), Agnar Lyng (Stadyard), Arild Sekkingstad (Radek), Malvin Silden (Stadyard), Per Ståle Nykrem (Rolls-Royce Marine) etter kontraktssignering mellom Stadyard og fiskebåtreiarlaget Nye Radek. Foto: Ogne Øyehaug

Nok å gjere

Kontrakten med Austevoll-reiarlaget betyr at dei 33 eigne tilsette og innleigde ved Stadyard har nok å gjere fram til Nye Radek får fartyet sitt.

I dag har verftet bygg nummet 40 i arbeid, ein fiskebåt at reiarlaget Kenfish. Den skal leverast i august i år.

Neste nybyggingsoppdrag er bygg nummer 41 og 42. Det to fiskebåtar for reiarlag i Nord-Noreg,

Les også: Stadyardkontrakter til 200 millionar

Den siste av di skal leverast tidleg på vinteren 2019.

Ei kontrakt til

I og med at verftet har gitt båten til Nye Radek as bygg nummer 44 betyr det at verftet har ei kontrakt til på handa, bygg nummer 43, som førebels ikkje er offentleggjort.

Det er grunn til å tru at det oppdraget vil fylle tomrommet mellom bygg nummer 41/42 og 44, slik at Stadyard er sikra nybyggingsaktivietet fram til sommaren 2019.

I tillegg til nybygg driv Stadyard og med reparasjonar og vedlikehald.