Gjennom heile 2016 var det omtrent stille rundt dei notoriske piratane i Aden-bukta, skriv Bergens Tidende.

– Slik er det ikkje lenger. I vår såg vi ei forverring av situasjonen, fortel Harald Bauck i reiarlaget Odfjell.

Hans jobb er å sørgje for at alle skipa til Odfjell kjem trygt fram. Kvart år har Odfjell mellom 70 og 100 passeringar utanfor den somaliske kysten.

– Vi følgjer råda frå ekspertane, og har over lengre tid hatt piggtråd, vasskanonar, tilfluktsrom, kevlarhjelmar og forsterka stål på skipa våre. Vi går også i konvoiar med støtte frå militære fartøy. Vi vurderer frå gong til gong om vi skal ta om bord væpna vakter, men dei siste månadene har vi gjort det på alle skip gjennom Aden-bukta, fortel Bauck.

Harald Bauck i Odfjell går gjennom tryggleiksregimet på skipa til reiarlaget. Piggtråd, væpna vakter og vasskanonar er berre nokre av tiltaka. Foto: Rune Sævig

Piratane er langt frå like aktive som dei var for nokre år tilbake, men Odfjell har framleis angrepet frå 2010 friskt i minne og tar ingen sjansar. Den gongen skaut sju piratar mot mannskapet på tankskipet «Bow Saga».

– Etter det angrepet plukka vi Kalasjnikov-kuler ut frå innsida av vindauget på brua. Det vil vi aldri oppleve igjen. Sjølv om det ikkje er like mange angrep som i den perioden, er risikoen framleis høgst reell, seier Bauck.

Dei fleste angrepa skjer nær kysten, og handelsflåten går derfor gjennom ein internasjonal transittkorridor. Reiarlaga steller seg til BMP4, som er ei slags handbok for kva tryggleikstiltak som er anbefalt å ha. Den blir jamleg oppdatert og blir gitt ut av ei rekke bransjeorganisasjonar i fellesskap.

Blei skotne på av piratar

Aden-bukta er langt frå det einaste risikoområdet for norske handelsskip. Så langt i år har tre norskregistrerte skip blitt borda av piratar i Bangladesh, Kongo og Indonesia.

Eit av dei var «Far Starling» som tilhøyrar Farstad Shipping.

I tillegg har det spanskregistrerte skipet «La Mancha Knutsen», eigd av Haugesunds-reiarlaget Knutsen OAS, blitt skote på av piratar i Nigeria.

– Det var dramatisk. Dei skaut mot brua på skipet, men klarte heldigvis ikkje å kome seg om bord, fortel tryggleikssjef i reiarlaget, Hilmar Lund-Andersen.

Etter angrepet har dei tatt i bruk eskorte frå den nigerianske kystvakta. Dei følgjer skipet frå rundt 100 sjømil utanfor kysten og inn til hamn.

– «La Mancha» er eit LNG-skip, som har høg avstand frå havflata og opp til dekket. Derfor har vi følt oss ganske trygge, men vi har også vasskanonar og piggtråd mellom anna. No er vi også i ferd med å gjere nye tiltak på dei lågaste delane av dekket, fortel Lund-Andersen.

Kulefragmenta til høgre kjem får ei Kalasjnikov-kule som blei skoten inn i bruvindauget til Odfjell-skipet «Bow Saga» i 2010. Framleis er Kalasjnikov det vanlegast våpenet blant piratar. Foto: Rune Sævig

Halshogde sjøfolk

Angrepet i Nigeria er første gong Knutsen OAS har opplevd piratangrep. Reiarlaget har også skip som går gjennom Aden-bukta og piratfarvatna i Søraust-Asia.

– Vi får oppdateringar omtrent på timen dersom det skjer noko ein stad i verda, og følgjer ekstremt nøye med. Vi unngår også å gå inn i dei verste områda dersom vi kan, og om vi må gå der så held vi oss lengst mogeleg frå øyene som er mest utsette, fortel Lund-Andersen.

I Sør-Aust Asia er Indonesia og havområda rundt sørsida av Filippinane blant dei mest risikable områda.

Terroristgruppa Abu Sayyaf, som kidnappa Sotra-væringen Kjartan Sekkingstad, driv også med piratverksemd og er eit problem for skipstrafikken i Sulusjøen og Celebeshavet.

Fleire av sjøfolka som har blitt tatt som gislar av terroristgruppa dei siste månadene er blitt halshogd etter at løysepengar ikkje er blitt betalt.

– Vi gjer risikovurderingar for kvar enkelt reise. Sist gong vi blei bedt om å gå inn i dette området sa vi nei. Min regel er at dersom eg ikkje ville late mine eigne døtrer bli med på reisa, så er ikkje tryggleiken god nok, fortel Bauck i Odfjell.

Biletet viser den filippinske kystvakta som følgjer det vietnamesiske skipet til land, etter dei blei angripe av piratar i februar i år. Foto: STØTTEARK / X80001

Krev løysepengar

Også reiarlagsforbundet merkar endringane i piratverksemda i verda. Sjølv om det færre angrep så langt i år enn tidlegare, er trugselen høgst reell for dei som er til sjøs verda over. Så langt i år har det vore 87 piratangrep i verda, viser ein ny rapport frå International Chamber of Commerce (ICC).

– Vi er bekymra for utviklinga i Aden-bukta og følgjer situasjonen nøye. Ein periode i vår var det fleire forsøk, og vi hadde mellom anna det første vellukka kapringsforsøket sidan 2012. No har det roa seg på grunn av monsunsesongen, fortel rådgjevar i reiarlagsforbundet, Line Ollestad.

I fjor blei også 36 skip forsøkt borda av piratar utanfor kysten av Nigeria.

– Det er utanfor der vi ser flest vellukka angrep. Her finst det også andre former for angrep, som kidnapping av sjøfolk for å få løysepengar, seier rådgjevar Line Ollestad.

I fjor hadde norskkontrollerte skip litt over 600 anløp til Nigeria, og det var rundt 1500 enkeltpasseringar. Harald Bauck i Odfjell fortel at piratane nokre stader er meir brutale i gisselsituasjonar enn før.

– Andre reiarlag opplevde gisselsituasjonar i Nigeria på starten av 2000-talet. Då bad piratane om ein million, og så gav reiarlaget dei 2000 dollar og alle var nøgde. No er det ein heilt anna situasjon, fortel Bauck.

Piratane som angreip Odfjell-skipet Bow Saga overgav seg til slutt til den spanske marinen. Foto: FEU NAVFOR

Betre organisert

Heile bransjen rundt det førebyggjande arbeidet mot piratar har også endra seg, og er betre organisert enn før.

– Den viktigaste er at vi no har tilgang på nøytral informasjon frå profesjonelle aktørar. Det var ei utfordring før, fortel Bauck.

Det positive er at det er færre angrep enn før dei aller fleste stadar i verda. Bauck meiner piratproblemet aldri vil kunne løysast med berre væpna vakter og tryggleikstiltak.

– Det er ein veldig komplisert problematikk. Mange piratar var tidlegare fredelege fiskarar. Krig og fattigdom fører til desperasjon, og eg kan forstå at enkelte i ein desperat situasjon tyr til piratverksemd. I Somalia deltek vi i eit prosjekt som skal finne andre levevegar for dei som tidlegare var piratar. Håpet er at vi kan bidra til å hjelpe i alle fall nokre til eit betre liv enn piratlivet, seier Bauck.

Harald Bauck i Odfjell sin jobb er sørgje for at alle Odfjell sine skip kjem frå A til B i god behald. Foto: Rune Sævig.