Dave Ole Eidet i Marinue Aqua Service er uroa over alle alle krav, reglar og nye forskrifter som blir «tredd over hovudet» på service-båtane i oppdrettsbransjen.

Det var i januar 2015 at at «Forskrift om bygging og tilsyn av mindre lasteskip» vart kunngjort. Nokre av dei nye reglane er allereie tredd i kraft, medan reiarlaga har fram til 1. januar 2018 til å utstyre alle servicebåtane sine med haikjeftar.

– Ikkje behov

– På siste båten me bygde kom kostnadane for haikjeften på over 2,5 millionar kroner, seier Dave Ole Eidet i Marinus Aqua Service til iLaks.

Han har tre månadar på å skaffe haikjeft på båtane for å drive ankerhandtering etter krav fra Sjøfartsdirektoratet.

– På nybygg er det greit nok. Då er det ein kostnad ein tar når ein først skal bygge, då er ein allereie i banken for å få pengar, så då har det ikkje så stor betydning. Men når ein skal gå inn i eldre båtar og legge inn so mykje pengar i utstyr ein ikkje har behov for, då er det eit irritasjonsmoment. Det trur eg dei aller fleste er einig i, seier han.

Eidet meiner det er positivt at Sjøfartsdirektoratet kjem med innstramande krav for tryggleiken om bord.

– For all del, tryggleik er viktig, men dette er ikkje noko som bidreg særleg til tryggleik for oss. Me har fått frislepp på vinsjane, og det er fornuftig. Det er ingenting å seia noko på, seier han.

Skeptisk 

iLaks har vore i kontakt med både Stava Sjø og Nærøysund Aquaservice. Dei er einig i noko, men ueinig i at, til dømes, haikjeftane er bortkasta pengar.

– Akkurat det med haikjeft trur eg at det er noko som kan vera greit å ha. Eg er meir skeptisk med VHF og ROC-kurs på dei minste båtane, seier Brynjar Karlsen, dagleg leiar i Nærøysund Aquaservice.

Stava Sjø har investert i Aqua Cutter. Eit integrert kutte- og haikjeftystem som møter dei nye reglane for frislepp og haikjeft, og krav til nødutløsning ved sleping eller ankerhåndtering.

Dagleg leiar Trond Stava i Stava Sjø trur ikkje dei hadde skaffa det utan kravet. Han meiner kravet om frislepp på vinsjen er fornuftig, men ser ikkje behov for utvida krav om ROC-kurs.

Eidet i Marinus Aqua Service meiner og krav om kursing på kort tid inneber ein stor kostnad.

Forsvarer haikjeften

Underdirektør for lasteskip i Sjøfartsdirektoratet, Ole Morten Fureli, forsvarar haikjeften, og fortel at ROC-kurset ikkje er eit nytt krav.

– Det som skjedde 1. januar 2015 er at forskrifta med krav om fartøyinstruks trådte i kraft. Innfasinga av tilsynet med fartøya har avdekka at mange ikkje tilfredsstiller dei føreskriftene som har vore gjeldande i lang tid. Dette medfører då at fartøyinstruksen vert dyr. ROC har det vore krav til på blant anna slepebåtar under 15 meter sidan 2004 og for lasteskip generelt sidan 2014, seier Fureli.

Når det gjeld haikjeften gjekk denne på høyring fyrste gong 1. juli 2013. Nytteverdien av ein haikjeft meinar han framgår av Havarikommisjonen sin rapport om Stålbjørn-ulukka utanfor Hitra 31. juli 2013.

«Paragrafens punkt 3 stiller krav til lukkede styrepinner og haikjeft, hvilket etter Havarikommisjonens syn alene ville ha forhindret denne ulykken», heiter det i rapporten.

– Me kan gjerne diskutere kor godt kjennskap me har til operasjonane, men me har lærd av ulukkene, seier Fureli.

Han er òg ueinig i at reglane kom for brått på.

– Me byrja med arbeidet i 2010/2011, gjennomførte tre høyringar og forskrifta trådte i kraft i januar 2015. Reglane for haikjeft gjeld ikkje før januar 2018. Næringa har hatt tre år på seg til å få det montert, seier han.

Les heile saka på iLaks.