Norsk Industri registrerte kontraktar inngått i 2018 for til saman 21,6 milliardar kroner. Det er på same nivå som i 2012. Ordreinngangen har ikkje vore større enn den var i 2012 og 2018 sidan 2007.

Nye skip

Statistikken viser og den store snuoperasjonen mot nye marknadar verfta har vore gjennom.

I 2015 var 53 av i alt 67 skip norske verft hadde under bygging offshorefarty.

Ved inngangen til 2019 utgjer offshorefartya fire av i alt 66 skip under bygging. Cruisefarty utgjer nesten halvparten av ordreverdien, fordelt på 19 skip.

Auka ordrereserve

Samla ordrereserve ved verfta er 40,4 milliardar kroner ved inngangen til 2019, opp frå 27,6 milliardar ved starten av 2018.

Ordrereserven er den høgaste sidan 2008.

Tala til Norsk Industri er ikkje identiske med tala til sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft, som også fører statistikk over ordreinngangen hos verfta.

Skilnaden skuldast kva dei to organisasjonane tel med. Norske Skipsverft tel med kontraktar som er større enn 50 millionar kroner, Norsk Industri tel alle kontraktar for farty større enn 40 meters lengde.