– På kort sikt trur vi ikkje ratane vil kome særleg høgare, seier prosjektleiar Magnus Kjemphol Lohne i Rystad Energy til Nett.no.

Han var i Ålesund 3. oktober for å presentere Rystad Energy sin årlege rapport over utviklinga i aktiviteten i offshore oljeutvinning, som analyseselskapet lagar for Norwep.

Norwep er ein organisasjon som jobbar for å fremje eksport av norsk utstyr og tenester til olje- og vindkraftbransjen.

Fleire år med vekst

I rapporten kjem Rystad Energy med prognoser for utvikling fram til og med 2022.

– Vi er veldig positive no, seier Kjemphol Lohne.

Det blir investeringsvekst i offshore oljeutvinning i alle oljeregionane i verda. Veksten vil variere mellom 12 prosent årleg (Nord Amerika og Midtausten) og fem prosent (Afrika) fram til og med 2022.

Treng fleire skip

Konsekvensen av investeringsauken er mellom anna at det blir bruk for fleire offshorefarty.

– Frå dagens nivå ventar vi auka etterspørsel i alle segment, seier Kjemphol Lohne.

Problemet, sett frå reiarane si side, er at det framleis er overskot av skip. Det er så stort at reiarane ikkje kan vente eit løft i ratane på kort sikt, eitt til to år fram i tid, etter Kjemphol Lohne si vurdering.

På mellomlang sikt har selskapet positive forventningar også på reiarane sine vegne.

Pengeflaum

Under oljeboomen som vart fram til ut i 2014 krympa kontantstraumen til oljeselskap sjølv om oljeprisen var over 100 dollar fatet. Grunnen var uvanleg høge investeringar og stigande kostnadar.

No fell kostnadane, investeringane er ikkje like høge og oljeprisen har stige. Resultatet er at oljeselskapa fyller opp kassa. Kontantstraumen er rekordhøg, i følgje Kjemphol Lohne.

– Dei er meir profitable no, på 70 dollar fatet, enn dei klarte i 2011 med over 100 dollar fatet, seier han.

Prisauke

Etter at oljeprisen starta å falle i sommaren 2014 tok det eitt og eit halv år før den nådde botnen, i januar 2016. Då var den godt nede på 28-talet. Etterpå har prisen stige rundt 200 prosent, og er no rundt 84 dollar fatet.

Rystad Energy trur på ytterlegare prisauke, til rundt 87 dollar fatet, fram mot 2020. Deretter vil det kom ein forsiktig nedgang, etter analyseselskapet si vurdering.

Opnar kontor i Ålesund

Rystad Energy har spesialisert seg på å analysere oljemarknaden og aktørane i marknaden.

Selskapet har hovudkontor i Oslo og kontor i Houston, Singapore, London, New York, Sydney, Moskva, Rio de Janeiro, Tokyo, Dubai, Stavanger og Bangalore, og snart også i Ålesund.

Kjemphol Lohne blir i første omgang åleine på kontoret. Poenget med å vere i Ålesund er å arbeide tettare opp mot reiarane og det maritime miljøet.