– FMV er særs nøgd med igjen å ha blitt føretrekt som designleverandør og byggeverft for ein avansert arbeidsbåt til Aqua Seawork. Det er kjekt at tidlegare kundar vel å kome tilbake til oss, skriv verftsdirektør Hugo Strand i ei melding.

Verftet leverte eit liknande farty til det same reiarlaget tidlegare i år. Båten som no skal byggast, som er av type HFMV W15 Sørfonn, får større maskineri og krankapasitet enn denne, skriv Stord24.

Reduserer kostnaden

– Desse fartya har stor kapasitet og kan løyse ei rekkje oppdrag for havbruksnæringa og entrepenørar. Jobbane vert utført sikkert og effektivt, og bidreg difor til å redusere kostnadane til næringa.

Aqua Seawork AS held til i Herfjord, i Åfjord kommune på Fosen-halvøya, og vart etablert i 2013.

Fitjar Mekaniske Verkstad vil levere åtte arbeidsbåtar i 2017, kor av alle designa og bygd i Norge.

Verftet opplyser at dei no er godt i gang med bygginga av flaggskipet til Kystverket, spesialfartyet OV Ryvingen, og skal no i gang med bygginga av ein prosessbåt til Napier AS.

– Me har satsa mykje på utvikling av infrastruktur som gjer det mogleg å byggje farty opp til ca. 50 meters lengde effektivt her heime. Dette gir kortare byggetid, høg kvalitet og fleksibilitet i gjennomføringa.

Risiko

Verftsdirektøren ser ikkje noko i vegen for at forretningsmodellen der dei eig prosjektet frå teiknebrettet til ferdig leveranse kan utvidast til andre type farty i framtida.

– Desse prosjekta er prototypar og har betydeleg risiko både for verft og reiarlaget. Prosjektgjennomføringa vår bidreg til å redusere risikoen både for FMV og våre kundar. Meistrar me desse prosjekta er det ikkje noko i vegen for også å bygge andre typar farty komplett heime, som kystfiskefarty, seier Strand.