– Å sikre norske arbeidsplassar er viktigare enn at vår nye eigar er norsk.

Det seier hovudtillutsvald André Stalheim Angelfoss for Tekna i Rolls-Royce Marine til Nett.no.

Det er stor spenning knytt til kven som kjøper den norske delen av Rolls-Royce etter at morselskapet har lagt marinedivisjonen ut for sal.

Rolls-Royce Marine hadde 1. januar i år 1608 ansatte i Norge, fordelt på 10 lokasjoner.

Hvis du vil se alle lokasjonene fra luften, og litt om hva de holder på med på de forskjellige, klikker du play under.

Videoen varer i 57 sekunder.  Du kan også klikke på denne lenken for å se Google Earth-kartet som er brukt i videoen rett i nettleseren din.

Langt de fleste av de ansatte, 1427, jobber på Sunnmøre. 137 jobber i regionen rundt Bergen, mens et fåtall sitter i Trondheim og Oslo.

Bergen Engines AS, som driv motorfabrikken på Hordvikneset i Bergen, inngår ikkje i marinedivisjonen til Rolls-Royce. Bergen Engines er ein del av Power Systems-divisjonen, som ikkje er lagt ut for salg.

 

Vil ha langsiktig eigar

Ei rekkje selskap har vorte nemnde som aktuelle kjøparar. Mellom anna gjeld det amerikanske General Electric, sveitsiske ABB og finske Wärtsila.

Også dei norske selskapa Kongsberg og Aker har vorte nemnde, og i slike salsprosessar er det også vanleg at det er interesse frå internasjonale private equity-selskap.

Stalheim Angelfoss seier at dei tillitsvalde er nøytrale i forhold til kva land den nye eigaren har hovudkontoret, om salet faktisk vert gjennomført.

– Det viktigaste er at dette er ein langsiktig aktør som ønskjer å vidareføre verksemdene på Sunnmøre, i Trondheim og i Bergen.

– Må bevare kompetansen

Han viser til at alle dei tillitsvalde står samla om å bevare hjørnesteinsbedriftene i lokalsamfunna.

I tillegg viser ein til viktigheita av å bevare kompetansen innanfor den maritime næringsklynga; frå utdanning og opplæring av sjøfolk, til forskning og utvikling på høgskule- og universitetsnivå, samt til viktigheita av vidareutvikling av produktporteføljen gjennom produksjon og innovasjon innan maritim- og havromsteknologi ved anlegga i Norge.

Stalheim Angelfoss seier at det er bra stemning mellom dei tilsette, som står på fullt under den pågåande prosessen.

– Men det er klart vi er spente på kva som vert utfallet.