– Teknologisk sett har me alle moglegheiter for å gjera Noreg til verdas grønaste reisemål, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland i ei pressemelding, ifølgje Stord24.

Ho viser til at cruise er ein av dei raskast voksande turistformene internasjonalt, og at utsleppa peiker oppover for denne næringa.

– Medan utsleppa frå skipsfarten generelt går ned, peikar pila oppover for cruiseindustrien. Dette viser at det er eit stort behov for å utvikla meir berekraftige cruisekonsept, og NCE Maritime CleanTech ønskjer å spele ei rolle i dette arbeidet, seier Økland.

Mangedobling av cruisetrafikken

I Noreg har talet på cruiseturistar auka frå ca. 200.000 til nær 700.000 dei siste 15 åra, og det er forventa framleis vekst i åra som kjem. 

Dette er bakgrunnen for at NCE er tildelt 580.000 kroner av Design og Arkitektur Norge til arbeidet med å utvikle eit konsept for framtidas cruisefart.

– Problemstillinga dei skal ta tak i er svært relevant og presserande. Dette er eit stort prosjekt knytt til cruisefart, hamn og miljø som er viktig for Noreg som kystnasjon og turistdestinasjon, seier seniorrådgivar og leiar av Designdrevet innovasjonsprogram i DOGA, Anne Bull.

– Ved å nytta designmetodikk gjennom analyse- og idéfasane håpar me å få sjå eit nytt cruisekonsept, som i sin heilskap skal gjera cruisenæringa grønare og smartare.

Breidt samarbeid

Prosjektet vil vera eit samarbeid mellom NCE Maritime CleanTech, utvalde medlemsbedrifter i klynga og designselskapet Eker design, som skal leia designprosessen. Cruiseselskap, samt forskings- og kompetansemiljø innan reiseliv vil også bli involvert i prosjektet.

Målet er at eit nytt konsept for miljøvenleg framdrift av cruiseskipa skal vere klart våren 2019.

– Det ferdige konseptet vil me ta med oss ut til reiarlaga, og me jobbar med eit mål om at prosjektet skal vidareførast til eit hovudprosjekt med fullskala demonstrering av teknologien, seier Økland.