Både mannskap og leiinga frå danske Mærsk var fulle av lovord om dei lyseblå skipa frå Kleven. Med dåpen og overleveringa ved verftet torsdag teller «Starfish»-serien seks skip, skriv Nett.no.

– Det er et riktig godt sted å arbeide og mannskapet er fornøyd. Kundane våre er også nøgd med desse moderne skipa, seier kaptein Fini Holsting medan han viser lokale og tilreisande pressefolk omkring på Mærsk Maker.

Gudmor Rikke Eskjær knuste sjampanjeflaske mot skroget av Mærsk Maker. Foto: Marius Rosbach

Den store brua strekk seg over heile bygget forut, lengre ned er ei romsleg messe og treningsrom, før vi kjem til ei heil etasje med komfortable lugarar med eigne bad. Lengst nede er kontrollrommet med tre skjermar der ein kan følgje med på alt som skjer om bord.

Har fått ulike type jobbar

Alle dei fem føregåande skipa har anten gått rett i kontrakt, eller sikra seg fast jobb etter kort tid i spotmarknaden. Og dei 95 meter lange og kraftige skipa har spesialutstyr som gjer at dei kan nyttast til langt meir enn berre ankerhandtering.

Mærsk Maker sett kurs for Aberdeen over helga og skal i første omgang ut i spotmarknaden. Foto: Marius Rosbach/Nett.no

– Eg vil tru det er cirka femti/femti med konvensjonelle ankerhandteringsoppdrag og anna alternativt arbeid, fortel Mærsk sin direktør for operasjonar, Claus Bachmann, til Nett.no.

Mærsk la i 2016 om drifta med ei satsing på andre type oppdrag, enn tradisjonell ankerhandtering og oljeservice, då marknaden fall saman. No deltek skipa like gjerne på oppdrag med å plugge brønnar, eller gjere inspeksjonar, fortøying eller undervassinspeksjonar.

Plass til ti kilometer kablar

Skipa som er teikna av Salt Ship Design, passar godt inn i den satsinga.

– Allereie det første skipet var med på eit oppdrag saman med Total med å plugge ein brønn og vi ser til dømes at den store trommelen har vore veldig anvendelig. Den kan ta opp kablar langt hurtigare enn ved den tradisjonelle metoden med å kutte den opp i bitar på dekk, forklarar Bachmann.

Den digre ankerhandteringstrommelen plassert bak bygget forut, har ein diameter på kring fem meter og plass til drygt ti kilometer med tykke stålkablar.

– Det tek 14 timar å ta opp for dette skipet, medan det ville teke 14 dagar for ein konvensjonell båt. Slik sparar skipet pengar og tid for kunden, seier operasjonsdirektøren.

Den romslege brua er i utgangspunktet arbeidsplass for to personar. Foto: Marius Rosbach/Nett.no

Opptil 200 i arbeid på skipa

Dei lyseblå skipa til Mærsk har vore viktige for å halde folk i arbeid på Kleven dei siste åra.

– Det har vore mellom 100 og 200 personar på desse prosjekta og i fleire periodar har det vore det einaste vi har jobba med. Dei har gjort at vi har strekt offshoreperioden, seier prosjektleiar Ole Kristensen i Kleven.

Etter at offshorekollapsen trefte bransjen bad reiarlaget om utsetting på leveringa i halvanna år. Kleven påpeiker at verftet fekk kompensasjon for dette.

– Vi fekk også ein betre utnytting av dei tilsette på verftet, seier Ole Kristensen i Kleven.

Vil ikkje kommentere innteninga

Alle spørsmål om korleis det endelege reknestykket for dei seks Mærsk-skipa enda opp, vart høfleg avslått torsdag.

– Eg har ikkje lyst til å kommentere det. Vi har ikkje for vane å kommentere innteninga på kvart enkelt prosjekt, seier Kleven-direktør Olav Nakken.

– Behov for ny tonnasje

Mærsk-direktør Bachmann er ikkje avvisande til spørsmålet om det er aktuelt for dei å tinge nye offshoreskip.

– Vi ser at våre nye skip får kontraktar når dei kjem i marknaden. Slik sett er det eit behov for ny tonnasje som er energieffektive og kan by på eit godt arbeidsmiljø. Skipa frå Kleven er jo nærast cruisestandard og er attraktive arbeidsplassar. Men om nokon får finansiering til å bygge nytt, vil eg ikkje seie noko sikkert om, fortel dansken.

Samstundes peiker Bachmann på behovet for å få fleire skip ut av marknaden. Mærsk har på ulike vis kvitta seg med 23 skip og har no ei flåte på 40 skip med ein snittalder på mindre enn ti år.