– Me er først i verda med auto-dokking. Dette gir oss enorme moglegheiter for den marine næringa i framtida, seier Roger Holm, som er den øvste leiaren i den marine divisjonen i Wärtsilä, til Stord24.

Torsdag var han om bord på ferja MK Folgefonn, som går mellom Jektevik og Hodnanes for å fortele om den banebrytande teknologien dei har installert på ferja.

Testinga av autodokkinga starta i januar i år, og vart ferdigstilt i april med fullskala-forsøk ved kaien i Sunde. Det gjekk knirkefritt: ikkje på noko tidspunkt var det naudsynt for kapteinen å overta den manuelle kontrollen over ferja.

– Har berre sett starten

– Denne teknologien gir lågare brenselsforbruk, mindre utslepp av drivhusgassar og lågare kostnader. Dette er enormt spennande for oss. Me har berre sett starten, og vil no utvikle dette på ein masse ulike fartøy globalt.

Operasjonen ved å legge ferja til kai på Sunde, utan hjelp frå kapteinen, gjekk knirkefritt. Foto: Wärtsilä

Wärtsilä-miljøet på Stord har jobba tett saman med Wärtsilä-avdelingar i San Diego i California og i Storbritannia dei siste to åra.

– Me har jobba med dette i to år, og no er me endeleg i mål. Kompetansen når får når me jobbar på i lag på tvers av avdelingane gjer at me verkeleg får ting til, seier Dagfinn Botnen ved Wärtsilä på Stord.

Prosessen startar når ferja er ca. 2000 meter frå land. Då blir den automatiske dokking-manøvreringa aktivert, fram til skipet er sikra ved kai. Wärtsilä skriv at prosessen gjer at mannskapet om bord kan fokusere meir på situasjonar utanfor styrhuset, slik at tryggleiken under overfarta blir betre.

Sensorteknologi

Autodokking-teknologien er bygd opp av ei rekkje sensorar som er installert på ferja, som gjer at ferja kan legge til land heilt utan manøvrering frå kapteinen. Den einaste oppgåva til kapteinen er å passe på at alt går greitt.

– Ferja kan køyre legge til land heilt automatisk. Sensorar tek båten sikkert til den posisjonen som er lagt inn. Dette er med å auke tryggleiken, for i dag er det jo nesten-kollisjonar heile tida med 60-70 anlaup til dagen, seier Botnen.

Sensorteknologien er utvikla for å virke i all slags vêr, og kan posisjonere ferja nøyaktig sjølv gjennom tett tåke.

Roger Holm og Dagfinn Botnen i Wärtsilä forklarte den banebrytande teknologien om bord på ferja frå Jetevik torsdag. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Erstattar ikkje mannskapet

Alt kapteinen treng å gjere er å vri ein brytar, så er ferja stilt inn på autodokking. Foto: Wärtsilä

Førebels kan ikkje teknologien erstatte mannskapet om bord, men i følgje Botnen er det berre snakk om tid før ferjene kan gå heilt automatisk.

– Dette er ikkje ei ubemanna løysing. Men på sikt kan me ha full kontroll på heile operasjonen. Det vil kome etter kvart.

Teknisk inspektør i Norled, Einar Marwoll, seier at dei er positive til den banebrytande teknologien.

– Vinsten for oss er at dokkinga blir gjort med same hastigheit heile dagen. Det gjer at me vil utnytte tida betre når me ligg til land.

– Korleis reagerer kapteinane på teknologien?

– Dei fleste er interessert i ny teknologi. Me har ikkje høyrt noko negativt frå dei.

Positive til løysinga

Førebels er teknologien berre eit testprosjekt. Marwoll seier at Norled er positive til å gjere det til ei permanent løysing på ferjesambandet-

– Me vil no først sjå at systemet verkar. Så er det regelverket som avgjer kva tid dette kan takast i bruk permanent.

Wärtsilä har no søkt om godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet for å bruke teknologien på ordinær passasjerdrift. Autodokking-prosjekt er støtta av Innovasjon Norge.

Sjå video frå operasjonen her: