– Vi startar no ein prosess med å ta endeleg stilling til byggjeverft, seier Per Sævik i Havila Kystruten.

I tillegg til norske verft, har Havila Kystruten innhenta pristilbod frå verft i Spania, Kroatia og Tyrkia på bygging av fire 125 meter lange og 20 meter breie skip med plass til rundt 700 passasjerer i kvar.

– Vi har berre vore i kontakt med europeiske verft, seier Sævik.

Stor prisdifferanse

Per Sævik. Foto: Elias Dahlen

Total prislapp er estimert til vel tre milliardar kroner for alle fire skipa, det vil seie vel 750 millionar kroner for kvart skip.

Per Sævik legg ikkje skjul på at det er betydeleg prisdifferanse mellom norske og utanlandske verft.

– Mellom anna finst det svært gode finansieringsordningar i Spania, som det er vanskeleg å konkurrere mot.

Fokus på pris

Han opplyser at ein tidleg i fasen kontakta Samferdsledepartementet og stilte spørsmål ved om norsk bygging av skipa var noko departementet ville leggje vekt på ved anbudstildelinga.

– Svaret var at ein kun fokuserte på pris, i tillegg til innfriing av miljøkrava.

Sydvestor-hjelp

Sævik opplyser at selskapet i prosessen har hatt god hjelp av rådgivingsselskapet Sydvestor i Ulsteinvik.

– Vi hadde tre selskap inne til vurdering, men valde Sydvestor. Det angrar vi ikkje på. Dei har verkeleg stått på, seier Sævik.

Han seier at ein relatvit raskt vil byggje opp ein eigen driftsorganisasjon for Kystruten i Havila-bygget på Mjølstaneset i Herøy.

– Etter kvart reknar vi med å ha 15-20 personar her som jobbar med Kystruten.

Havila Kystruten er eit heileigd selskap av Havila Holding, som eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media, utgivarselskapet bak NETT NO.