Det Stavanger-baserte skipsmeklarhuset Seabrokers varslar at supplyreiarane kan gå ein lang og tøff vinter i møte, skriv Nett.no.

I månadsrapporten for august viser Seabrokers til at spotmarknaden i Nordsjøen i sommar har vore mykje dårlegare enn kva reiarane hadde håpa på.

Les også: Kun ett offshorerederi i pluss i andre kvartal

Rett nok har ratene for PSV-ar med dekksareal på meir enn 900 kvadratmeter vore i snitt på over 7.500 britiske pund i fem månader på rad.

Over 20 skip ut av opplag

Men marknaden har ikkje tatt av, og meklarhuset viser til at konkurransen om oppdraga har vore stor ettersom det både er tatt ut mange skip ut av opplag, i tillegg til at det er kome skip til frå andre regionar.

Les også: – Vår anbefaling er at rederiene bør legge båtene i opplag

Totalt er over 20 båtar tatt ut av opplag og gått inn i spotmarknaden.

Betydeleg overtilbod

Men det store problemet no, ifølgje Seabrokers, er kva som vil skje med alle skipa som snart avsluttar kontraktane dei har gått på i sommar.

Om desse går inn i spotmarknaden, fryktar meklarhuset at ein på nytt er tilbake til ein situasjon med betydeleg overtilbod av skip.

Det kan nok ein gong bli ein lang vinter for supplyreiarane, spår Seabrokers.