Planen er at ferja skal segle på sambandet Hjelmeland – Skipavik – Nesvik på riksveg 13 i Rogaland frå hausten 2021.

Sysla skreiv i fjor haust om dei tre reiarlaga Norled, Fjord1 og Boreal som har hatt dialog med Vegvesenet om utviklinga av ferja. No er alle tre vald ut til ein anbodsrunde. Det skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Tilboda skal leverast til hausten.

Få sertifiserte delar

Ferjebygginga kan verte eit langt lerret å bleika.

I pressemeldinga skriv Vegvesenet at arbeidet er omfattande, og mange aktørar, som til dømes Sjøfartsdirekotratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er involvert.

Det er nemleg få komponentar i eit hydrogensystem som allereie er sertifisert for bruk på sjøen. I tillegg krevjast det nye kaier på Hjelmeland og Nesvik, då dei noverande kaiene vert for små.

Håpet til Vegvesenet er at ei slik hydrogenelektrisk ferje skal redusera dei årlege CO2-utsleppa frå sambandet med 4 000 tonn CO2 i året mot dagens utslepp. Utsleppet frå ferja vil berre verte vatn, og ein unngår både utslepp av CO2 og svevestøv.

Vil ikkje vera lønsam

Tidlegare i år skreiv Sysla om at Wärtsilä og Boreal Sjø samarbeider om formgjevinga av ein konseptbåt, og at dei allereie har reservert skipsnamnet «Hydrogen».

– 2021 er realistisk, men spenstig. Eg er imponert og ydmyk overfor målsettingene norske styresmakter sett her. Det er høge krav og spenstige visjonar, sa Ove Wilhelmsen, administrerende direktør i Wärtsilä Ship Design til Sysla i januar.

– Kva er verdien av ei slik hydrogenferje?

– Eg kan ikkje gå ut med nokon priser, men slik dei er i dag, er nok ikkje hydrogenferjer ein naturleg løsning prismessig. Difor er det bra at styresmaktene seier at dei vil prøva det. Når volumet stig vil også prisane kome ned, sier Wilhelmsen.