Dagens nyhetsbrev

– Eg er betalt for å vere teknologioptimist, men det hadde gått mykje fortare enn eg hadde trudd, seier Sigurd Enge i Bellona om utvikling av batteribruken til sjøs.

Saman med Bellona-kollega Jan Kjetil Paulsen deltek Enge på den fjerde maritime batterrikonferansen, som i år blir arrangert i Ulsteinvik denne veka.

Frå leik til forretning

Før 2010 var batteridrivne skip ein kuriositet, noko som var brukt i leikebåtar, seier Enge. Slik er det ikkje lenger.

Sjøfartsdirektoratet og DNV-GL har utarbeidd standardar og reguleringa som er ein del av grunnlaget for vidare vekst.

– No er dette ein moden bransje, seier han.

Først i løypa

Noreg er ein føregangsland i å ta i bruk batteri i skipsfarten, der store deler av ferjeflåten er i ferd med å bli elektrifisert og der buken av batteri spreier seg inn i nye marknadar.

Medan kortare strekningar kan trafikkerast med heilelektriske skip kan til dømes batteri i offshorefarty redusere bruken av fossilt drivstoff fordi batteri blir brukt til til energiforsyning når skipet treng ekstra kraft i kortare periodar.

Enge og Paulsen presentert på konferansen også korleis batteri ombord i fôrflåtar i fiskeoppdrett i kombinasjon med dieselaggregat kan reduserer energibruken med 30 prosent.

Sats på eksport

Paulsen og Enge trur det framleis blir ein stor vekst i bruken av batteri til sjøs i Noreg, men rår aktørane i marknaden om å ta teknologien og kunnskapen sin ut i Europa og heile verda.

– No får norske utstyrsleverandørar utnytte fordelen og kome seg nedover (i Europa, red. merk) og tilby sine løysingar, seier Paulsen.

Han peikar på både nærskipfarten og ikkje minst elvetrafikken i Europa som ein stor marknad for batteri- og eldriftsteknologi.

Sigurd Enge og Jan Kjetil Paulsen i Bellona trur det er marknad for vidare vekst i batteribruken i norsk sjøfart, men rår også aktørane til å satse på eksport. Foto: Ogne Øyehaug

Treng infrastruktur

Eitt vilkår for å få den utviklinga i bruk av batteridrift i skipsfarten som Bellona ønskjer seg er ei stor utbygging av ladestasjonar/landstraumanlegg langs kysten.

For å få til meiner Enge og Paulsen at det er naudsynt at staten står for investeringane i staden som i dag – der det er opptil dei einskilde hamnene å gjere det.

Den vurderinga heng saman med kapitalbehovet og problemet for dei einskilde hamnene med å få betalt for slike investeringar. Dessutan er det behov for å ha standardiserte løysingar for lading, slik at reiarlaga slepp å investere i ei rekkje ladeløysingar for å få overført straum.

Få også med deg:

  • Norge går forbi Tyskland og rykker opp som verdens femte største skipsfartsnasjon målt etter flåteverdier. Det viser fersk statistikk fra Norges Rederiforbund og Menon Economics. (Finansavisen)
  • Ship Finance vokser kraftig i containerskipsfart og kjøper en flåte på 15 feeder-skip. (Finansavisen)
  • Tankmarkedet er fortsatt elendig, men Herbjørn Hanssonmener at NAT likevel ikke har finansiell risiko. – NAT er et av tankrederiene på Wall Street som har minst gjeld per skip, sier han. (Finansavisen)