HAVARI: KNM «Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» 8. november 2018. Fregatten sokk i forsøket på å berge han. Foto: Geir Martin Strande (arkiv)

Fregatt-etterforskinga tidlegast ferdig til påske

Politiets arbeid med å etterforske KNM «Helge Ingstad»-forliset dreg ut.


  • Rune Christophersen
  • Eystein Røssum/Bergens Tidende
Publisert

– Det står att ein del ting, både nokre avhøyr og anna arbeid. Deretter er det fleire som skal uttale seg, seier påtaleansvarleg, politiadvokat Ole Bjørn Mevatne i Vest politidistrikt.

Etter at politiet er ferdige med si etterforsking, skal Mevatne sende si innstilling til statsadvokaten i Hordaland, der han gjer greie for kva etterforskinga har avdekt, og om han meiner nokon bør straffast.

Fire mistenkte

Fire personar har status som mistenkt i saka:

  • Vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad».
  • Operatøren på Kystverkets sjøtrafikksentral på Fedje.
  • Losen på tankskipet «Sola TS».
  • Kapteinen på «Sola TS».

Status som mistenkt i ei straffesak betyr mellom anna at ein har rett til innsyn i dokumenta.

– Politiets arbeid er tidlegast ferdig rundt påsketider. Deretter går saka til statsadvokaten, seier Mevatne.

Etter at førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen har vurdert materialet, går saka vidare til riksadvokat Jørn Sigurd Maurud.

Manglar avhøyr

Ein av tinga politiets etterforskarar enno ikkje har fått gjort, er å gjennomføre eit nytt avhøyr av kapteinen på «Sola TS».

Han fekk status som mistenkt etter at Havarikommisjonens rapport vart lagt fram i november.

– Det har så langt ikkje latt seg gjere. Han er ikkje lenger på «Sola TS». Vi er i dialog både med advokaten hans og med reiarlaget for å sjå om det lar seg gjere, seier Mevatne.

Kapteinens forsvarar er Arild Dyngeland. Han ønskjer ikkje å svare på spørsmål om saka.

LEIER ETTERFORSKINGA: Politiadvokat Ole Bjørn Mevatne er påtaleansvarleg for fregattulukka. Foto: Elias Dahlen (arkiv)

Jobbar med ny rapport

Etterforskinga har fleire gonger trekt i langdrag. Kollisjonen skjedde 8. november 2018.

I byrjinga rekna påtalemakta med å vere ferdig med etterforskinga før sommaren 2019.

I august i fjor sa Mevatne at dei nærma seg ei avgjerd, og at dei kanskje ikkje ville vente på rapporten frå Havarikommisjonen før dei konkluderte.

Havarikommisjonen sin rapport om kollisjonen kom på eittårsdagen for ulukka. Dei jobbar nå med ein ny rapport om det som skjedde etter kollisjonen, då fregatten støytte på grunn og sokk under bergingsforsøket.

Kommisjonen kan ikkje svare på når denne rapporten blir klar.

– Mange dokument

Forsvararen for Kystverkets operatør på Fedje, advokat Einar Råen, seier dei ønskjer ei rask avklaring på etterforskinga. Han og klienten arbeider no med å gå gjennom dokumenta i saka.

– Det er svært mange dokument og mykje å lese. Vi går gjennom alt for å sjå kva slags informasjon som er komen inn, kva forklaringar andre partar har gjeve og korleis det stemmer overeins med oppfatninga til min klient, seier Råen.

Han strekar under at klienten ikkje har erkjent noko skuld for kollisjonen i Hjeltefjorden.

– Så langt har det ikkje kome fram noko som endrar den oppfatninga, seier Råen.

Advokat Svein Holden er forsvarar for losen på «Sola TS».

– Eg reknar med at saka mot min klient blir lagt bort, og det er uheldig at etterforskinga tek så lang tid, seier Holden.

Forsvararen for vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» vil ikkje svare på spørsmål om saka.

Del på
facebooktwitterlinkedinemail