Startar nytt seismikkselskap med tunge investorar i ryggen

Seismikkskipet Neptune Naiad vert tatt ut av opplag etter at ei gruppe investorar satsar på nytt seismikkeventyr.


  • Kjetil Haanes
  • Nett.no
Publisert

Skipet har vore eigd av Ulsteinvik-baserte Neptune Offshore, eit selskap som no skiftar namn til Axxis Geo Solutions etter at det har vorte henta inn 25 millionar kroner i friske pengar, skriv Nett.no.

Etter to og eit halvt år i opplag er Neptune Naiad straks klar for nye oppdrag.

Sentrale aktørar bak nysatsinga er Houston-baserte Bjarte Bruheim, Ulsteinvik-baserte Jogeir Romestrand gjennom selskapet Rome og Oslo-baserte Arne Blystad og Blystad Group gjennom selskapet Spencer Energy.

Alle tre er tunge aktørar innan offshore, shipping og seismikk.

Bruheim har hatt sentrale roller i mellom anna Trondheim-selskapet ElectroMagnetic GeoServices, og er saman med Jogeir Romestrand også tungt inne i selskapet Eco-Stim Geo Solutions.

Romestrand var tidlegare toppsjef i Odim, og har hatt ei rekkje leiande roller i andre selskap, blant anna som styremedlem i seismikkselskapet Polarcus. Han er styreleiar i Neptune Offshore.

Store eigarar

Bruheim var også største eigar i Neptune Offshore med 54,7 prosent, medan Jogeir Romestrand eigde 32,4 prosent og TRH ved ålesundaren Tore Rødal var tredje størst.

Arne Blystad er på sin side rekna som ein av norges rikaste, og er mellom anna kjend for å vere gründer og initiativtakar til Songa Offshore og Songa Drilling.

Også Remøy Shipping i Fosnavåg får ei sentral rolle. Remøy Shipping har gjennom eit dotterselskap investert i Axxis Geo Solutions, og vil i tillegg overta drifta av Neptune Naiad.

Houston-operert

Axxis Geo Solutions har etablert eit dotterselskap i Houston som vil stå for den seismiske drifta av selskapet. Selskapet vil bli leia av Lee Parker som har lang erfaring med produkt og service til den veksande marknaden for botnseismikk.

– Selskapet stadfestar å ha gjennomført ei kapitalutviding der selskapet har blitt kapitalisert for vidare satsing innanfor sitt satsningsområde, opplyser dagleg leiar Lee Parker til Nett.no.

Han stadfestar namneskiftet og kven som er sentrale aktørar, men ønskjer ikkje å gå i detaljar om satsinga no, men etter det Nett.no kjenner til vil selskapet mellom anna satse på såkalla nodeseismikk.

Oppdrag i Asia

Gjennom denne teknikken vert eit stort antal noder lagde i geometriske mønster på sjøbotnen, der kvar node har ein sensor og utstyr for å sende data til moderfartøyet. Teknikken gir betre seismiske data enn ved tradisjonell seismikk gjennom slepekablar.

Ein av fordelane med nodeseismikk, er også at ein kan gjennomføre seismiske undersøkingar nær eksisterande plattformer og installasjonar, og dermed bidra til å kunne utnytte eksisterande felt og infrastruktur maksimalt.

Etter det Nett.no har grunn til å tru har det nystarta selskapet allereie i hamn den første kontrakten. Truleg dreier det seg om nodeseismikk for ein asiatisk kunde.

Del på
facebooktwitterlinkedinemail