ABS_23082019_Nesttun_Corvus Energy_Batteriprodusenten Corvus Energy produserer batterier til den maritime industrien. På bildet:

Med berre to mann på golvet skal denne fabrikken laga batteri for fleire hundre millionar kroner i året

Ny fabrikk med robotar skal gjera sjøfarten elektrisk.


  • Ådne Lunde og Adrian Søgnen (foto)
Publisert

Kraftfulle, oransje robotar, skinande reine golv og tru på klimafrelse i batteriteknologien. I Vinmonopolets gamle lokale på Midtun i Bergen står ein fabrikk klar til å ta fatt på ei endelaus rekke av batteri til europeisk sjøfart.

Ein batterirevolusjon er i gang på kysten. Ferjer, hurtigbåtar, cruiseskip, diesel skal ut og straum er inn. Bergen og resten av Vestlandet er i sentrum for revolusjonen. Her er den maritime klynga sterk. Klynga og ny teknologi skaper ny industri.

– Her skal vi ha fleksibilitet som ein liten organisasjon, medan eigarane våre gir oss musklar til å kjempa med dei store, seier Geir Bjørkeli.

– Eg jobba med det same i Rolls-Royce. Der handla det også om forbetring av maritim teknologi, seier Geir Bjørkeli om overgangen frå diesel til batteri. Foto: Adrian Søgnen

Han er administrerande direktør for Corvus Energy. Osingen ser stolt ut over dei nye arbeidarane sine, finstilte robotar klare til å ta fatt. I dei gamle vinmonopol-lokala er spriten bytt ut med noko så sjeldan som ei splitter ny produksjonsbedrift. Industrietablering innanfor bygrensa. Høgteknologi og grunderentusiasme.

Her er 80 millionar kroner investert. Her skal det grøne skiftet gjennomførast med eit nytt batteri på 30 kilo kvart 6. minutt.

Her skal dei vinna slaget mot el-gigantar som tyske Siemens, som nettopp har starta fabrikk i Trondheim, og forsyna Europa med maritime batteri. Målet er utsleppsfri sjøfart.

Batterifrelse

Batterigrunderen på Midtun står på fabrikkgolvet som ein god vestnorsk emissær, og forkynner evangeliet om batterifrelse for sjøfarten med ein eigen glød.

– Vi har vist at det går an, med «Ampere». Og sidan vi forsynte den ferja med batteri, er storleiken på batteria halvert, det same er prisen. Vekta er redusert med 30 prosent, seier batteridirektøren.

«Ampere» har no gått over sju gongar rundt jorda med batteri, fram og tilbake over Sognefjorden.

Ampere. Foto: Adrian Søgnen

Ulemper?

– Er det ikkje slik at ureining og utslepp ved å produsera batteri omtrent nullar ut fordelane ved å bruka dei?

– Det tek tre månadar i ei ferje før CO2-rekneskapen går i null, og det gjeld når battericellene er produsert i Austen med fossil energi, seier Bjørkeli.

Han meiner norsk industri må gripa denne sjansen. Produksjon av celler med rein energi i Noreg kan ifølgje Bjørkeli bli eit industrieventyr.

Robotane står på rekke og rad og ladar opp til innsats. Foto: Adrian Søgnen

Slike robotar skal gå mellom arbeidsstasjonane. Foto: Adrian Søgnen

– Men når dei er ferdige og utbrukte, blir vel desse batteria eit gigantisk miljøproblem?

– Dei vil stå rundt ti år om bord. Etter at dei har gjort teneste i eit fartøy, har dei framleis mykje kapasitet. Vi ser for oss at dei då kan brukast vidare som energilager mange stadar, som i bustadblokker eller i fiskeoppdrett. Og når den tid kjem, kan 99 prosent av batteria våre gjenvinnast.

Aldri sjuke barn

Brune pappkassar med battericeller frå Kina. Golvet er spegelblankt og grått, robotane skinande oransje under høg kvit himling. Dei står som gode kollegaer i små grupper, organisert på sju stasjonar.

Mellom dei skal grå-kvite robotar på små hjul frakta komponentar og batteri som stadig blir meir komplette. Siste stasjon er kvalitetskontroll og lading. Før siste roboten stappar batteriet i ein kasse. Eit batteri kvart sjette minutt, tolv batteri på ein palle.

På kort tid har Halvard Hauso gått frå å vera einaste Corvus-tilsette på einmannskontor i Bergen, til ny fabrikk og ein stor organisasjon. Foto: Adrian Søgnen

Her er arbeidarane aldri heime med vond rygg eller sjuke barn. Dei har ikkje betalt lønsj eller ovale helger. I prinsippet kan fabrikken gå døgeret rundt.

– Vi skal perfeksjonera samhandlinga mellom menneske og maskin her, seier Bjørkeli.

Om det er sparsamt med folk på fabrikkgolvet, er det desto meir folksamt i nye kontor i andre høgda. Der arbeider no 50 tilsette med sal og prosjektering. Corvus har rekruttert høgt kvalifiserte folk frå den maritime industrien i bergensområdet. Sjefen sjølv, Geir Bjørkeli frå Rolls-Royce, fabrikksjef Frank Espeland frå Framo og driftsdirektør Gisle Frydenlund frå Beerenberg og tidlegare Framo.

Batteria skal gjennom sju arbeidsstasjonar. Foto: Adrian Søgnen

Lokala er nye og lyse. For Corvus var det viktig med ein seriøs og stor huseigar. Lokala er eigd av Trond Mohns selskap. Foto: Adrian Søgnen

Historia

Dei er ikkje åleine om å ha tru på batterirevolusjonen. Det strøymer inn med søknadar frå høgt kompetente folk til verksemda.

Historia om Corvus Energy byrja i Vancouver i Canada i 2009. Etter kvart såg batteriprodusenten at dei måtte ha representasjon i Europa, og Bergen blei peika ut. Bergensaren Halvard Hauso, som i si tid byrja med fagbrev hjå Mjellem og Carlsen, og som har jobba ein lang karriere i den maritime industrien i Bergen, opna eit einmannskontor for Corvus i 2015. Han er no direktør for sal og marknad. Hydro, Eqinor og Shell er komne inn på eigarsida.

1. januar 2018 tok Geir Bjørkeli over som direktør, og i 2019 blei hovudkontoret flytta til Bergen. Verksemda har no seks maritime batteritypar med ulike eigenskapar etter kva type skip dei skal stå i, og styrer mot ein samla omsetnad på ein milliard kroner.

Foto: Adrian Søgnen

Bergen naturleg

– Kvifor Bergen?

– Vi måtte nærare marknaden. Den store maritime klyngja i Bergen var heilt avgjerande, seier Bjørkeli.

Han peikar på klyngja for grøn skipsfart, Maritime CleanTech, med hovudkontor på Stord som særs viktig.

Verksemda såg at det var hit dei måtte reisa uansett for å møta kundane. Batteria kan ikkje sendast med fly, og skipstransporten frå Canada til Europa tok seks veker. Det gav lang leveringstid og låste mykje kapital.

No skal fabrikken i Canada produsera for den amerikanske marknaden, med samleband og mange tilsette i produksjonen. Forskings- og utviklingsarbeidet skal framleis skje i Vancouver, der den fremste ekspertisen også vert utdanna.

Skulle du ønske at noen oppsummerte batteribruk på norske skip i løpet av den tiden det tar å spise lunsj? Da må du få med deg denne episoden av Sysla-podkasten Det vi lever av.

– Så vurderer vi også å byggja ein fabrikk i Asia, seier Bjørkeli.

– Kvifor vart det Midtun då?

– Vi har unge, høgt utdanna og miljøbevisste tilsette. Dei vil reisa kollektivt, og då kunne vi for eksempel ikkje ta inn i det tidlegare Lidel-bygget langt oppe på prærien hos Søviknes, seier Bjørkeli.

Driftsdirektør Gisle Frydenlund passar nøye på kva som kan fotograferast, ingen industriløyndomar skal ut av lokala. Foto: Adrian Søgnen

Ønskjer krav

Teknikarar frå Raufoss legg siste hand på robotane. Ved sjuande og siste arbeidsstasjon står øskjer klare til å ta imot blodferske Corvus orca-batteri. Geir Bjørkeli skal snart skriva under ein kontrakt med eit tysk cruiserederi. Dei skal installera verdas største maritime batteripakke i eit av sine skip. 1780 batteri frå Bergen skal om bord. 5. september opnar fabrikken, og arbeidet ventar.

På denne stasjonen blir batteria testa, lada og pakka før dei skal om bord og levera straum til den maritime framdriftsrevolusjonen. Foto: Adrian Søgnen

Batteripionerane på Midtun er ikkje redde for utfordringar og krav når dei no skal i gang. Dei meiner batteri har fått ufortent tyn i diskusjonen rundt ferjetider og anløp.

– Teknologien er ikkje til hinder, styresmakter og reiarlag må berre stilla krav til ladetider og overfart. Vi skal løysa det, seier Bjørkeli.

På Vestlandet skal dei først ta over ferjene, før hurtigbåtflåten står for tur. Batterimakarane i Bergen har trua.

– Men namnet på roboten då, Bjørkeli? – Vi har både små og store kuka her, seier direktøren og ler godt av arbeidsstokken på nyefabrikken. Foto: Adrian Søgnen

Les også:

Fjord1 vil ha slutt på «Tesla-tilstander» for elferjene

Del på
facebooktwitterlinkedinemail