VRAK: Fregatten KNM «Helge Ingstad» var nasjonens mest slagkraftige krigsskip. Nå er det eit ubrukeleg vrak i opplag på Ågotnes. Krangelen om milliardrekninga er i full gang. Foto: Bård Bøe (arkiv)

Staten vil ha meir pengar igjen etter KNM «Helge Ingstad»-ulykka

Staten pressar på i retten for å få eigarane av tankskipet «Sola TS» til å betale meir etter milliard-havariet i Hjeltefjorden.


  • Eystein Røssum/Bergens Tidende
Publisert

I september skal den norske staten møte dei greske eigarane av tankskipet «Sola TS» i Bergen tingrett. Staten meiner kapteinen på oljetankaren hadde noko av skulda for at fregatten KNM «Helge Ingstad» segla rett på tankskipet i høg fart natt til 8. november 2018. Difor må eigarane av «Sola TS» også ta delar av rekninga, krev staten i søksmålet.

Rekninga som striden står om, er formidabel. Å erstatte KNM «Helge Ingstad» med ein ny, tilsvarande fregatt vil koste mellom 11 og 13 milliardar kroner, ifølgje Forsvaret. Å reparere havaristen ville kosta enda meir, kanskje så mykje 14 milliardar kroner.

I tillegg kjem dei enorme utgiftene med å heve vraket og få det frakta attende til Haakonsvern. Denne rekninga enda på 765 millionar kroner.

Bergen tingrett skal fordele ansvaret

Det er staten som sit med praktisk talt alle kostnader. «Sola TS» fekk berre minimale skadar i kollisjonen.

Spørsmålet Bergen tingrett skal ta stilling til, er om tankskipet må bere noko av ansvaret for at det gjekk gale, og dermed også betale sin del.

Havarikommisjonen peikte først og fremst på feil hos Forsvaret, på brua til fregatten, og hos Sjøtrafikksentralen på Fedje, som årsak til ulykka.

Ingen av offiserane på fregatten skjønte at lysa dei såg kom frå eit tankskip på veg mot dei. Kapasiteten på brua var for dårleg, og vaktsjefen uerfaren. På Fedje hadde dei gløymt å plotte inn fregatten i systema sine, sjølv om dei tidlegare på natta hadde fått melding om at krigsskipet var på veg sørover.

Men heller ikkje «Sola TS» går fri for kritikk frå Havarikommisjonen: Fordi dei segla med tente dekkslys, var det vanskeleg for fregatten å sjå lanternene og signallampa. Det var heller ikkje god nok kommunikasjon mellom losen og brubesetninga.

Det er dette som gjer at staten vil ha pengar frå dei greske reiarane.

SLAGSIDE: Den havarerte fregatten KNM «Helge Ingstad» fotografert onsdag 14. november i fjor. Foto: Cornelius Poppe, NTB Scanpix

Usamde om fond

I fjor vart partane samde om å opprette eit såkalla avgrensingsfond for «Sola TS», på rundt 400 millionar kroner. Assurandøren til tankskipet, Britannia P&I, har stilt pengane til disposisjon. Det betyr at uansett kor stor del av ansvaret for ulykka som blir plassert hos tankskipet, kan rekninga dei får ikkje bli større enn fondet.

Spørsmålet som staten og grekarane nå er usamde om, er nøyaktig kva fondet kan brukast til, og kva slags andre krav som kan kome på toppen. Det går fram av dokument frå Bergen tingrett som Bergens Tidende har fått innsyn i.

Opprydding eller ikkje?

Regjeringsadvokaten meiner at skadefondet berre kan brukast til å dekke skadane på skipa. I praksis betyr dette tapet av fregatten, i og med at «Sola TS» slapp med mindre skrammer.

På toppen av dette må grekarane også vere med og betale for oppryddinga etter havariet, inkludert hevinga, meiner staten. Denne rekninga, på 765 millionar kroner, må haldast utanfor avgrensingsfondet, ifølgje statens advokatar.

– Vårt syn er at avgrensingsfondet ikkje skal brukast til å dekke kostnader med vrakfjerninga, rett og slett fordi lova seier at det er slik, seier advokat Ole Kristian Rigland hos Regjeringsadvokaten, som skal føre saka for staten.

Han har bedt Bergen tingrett om å slå fast at dette prinsippet skal gjelde også i denne saka, går det fram av rettsdokumenta. Rigland ønskjer ikkje å kommentere spørsmålet ytterlegare nå.

«SOLA TS»: Tankskipet var fullasta med olje då den kolliderte med fregatten i Hjeltefjorden 8. november i fjor. Foto: Bjørn Erik Larsen (arkiv)

Hundrevis millionar kroner

Dersom staten får gjennomslag, og dersom dommarane i Bergen meiner at grekarane må bere noko av ansvaret, vil rekninga som assurandørane må betale til statskassa auke kraftig.

– I ei sak som denne går det an å sjå for seg ei 90/10-fordeling, seier professor Erik Røsæg ved Nordisk institutt for sjørett.

Dersom grekarane må betale 10 prosent, vil heile avgrensingsfondet på 400 millionar kroner gå med til å dekke tapet av fregatten. På toppen vil dei i eit slik tilfelle måtte betale 10 prosent av kostnadane med hevingsoperasjonen, altså nesten 77 millionar kroner.

Overraskande offensive

Sjørettsprofessor Røsæg seier det er ein særnorsk regel som gjer at det kan fremjast krav for oppryddingskostnader utanom avgrensingsfondet.

– Bakgrunnen var skipsulykker der det var store kostnader med opprydding, og der det var lite å hente etter dei gamle reglane, seier Røsæg.

Han er overraska over at staten var så raske med å ta ut søksmål mot grekarane.

– Veldig mange slike saker blir gjort opp på minneleg vis, utanfor rettssalane. Eg har stussa over at staten har vore så offensive, seier Røsæg, og viser til at Havarikommisjonen har kome med relativt lite kritikk mot korleis «Sola TS» opererte før ulykka.

Det mest vanlege etter kollisjonar til sjøs er ei skulddeling, men det kan også skje at retten konkluderer med at den eine parten hadde all skuld.

– Ei 100/0-fordeling er ikkje utenkjeleg, seier sjørettsprofessor Røsæg.

TAP: Sjefen for marinen, Rune Andersen (til v.), og sjefen for Sjøforsvaret, Nils Andreas Stensønes, veit enno ikkje korleis tapet av KNM «Helge Ingstad» skal kompenserast. Reparasjon er utelukka. Foto: Ørn E. Borgen/ NTB scanpix

Registrert på Marshalløyane

Reiarlaget bak «Sola TS» er det Bermuda-registrerte Tsakos Energy Navigation. Det vart grunnlagt av grekaren Nikolas P. Tsakos, og blir styrt frå Aten. Dotterselskapet som eig skipet, og som er saksøkt, er Twitt Navigation Limited, registrert på Marshalløyane i Stillehavet.

– Eg har ingen kommentarar til denne saka, seier advokat Lars Inge Ørstavik, som representerer Twitt Navigation Ltd.

Talsmannen for reiaren, Patrick Adamson i London, har tidlegare sagt at dei er usamde i kravet frå staten.

– Medan rettsprosessen pågår vil Twitt Navigation ikkje kommentere tvisten, skriv Adamson i ein sms til BT.

Det var først sett av tre veker i september til saka i Bergen tingrett. Retten har nå reservert ytterlegare ei veke, fordi grekarane meiner saka kan bli så omfattande at det trengst meir tid.

Del på
facebooktwitterlinkedinemail