Den nye algoritmen skal gå i bakgrunnen, for så å varsle trafikkoperatørane om båtar som oppfører seg unormalt. Foto: Kystverket/Anne Grethe Nilsen

Slik skal dei hindre forlis langs vestlandskysten

Ny algoritme oppdagar skip som er på feil kurs – før ulykka skjer.


  • Kyrre Fitje
Publisert

Den nyutvikla algoritmen skal varsle om avvik frå skipsrute og farlege situasjonar på sjøen.

I ein testperiode skal algoritmen frå Kongsberg Norcontrol og Forsvarets forskningsinstitutt analysere alle seglasar frå Kristiansand til Molde.

Den har fått namnet BEAN (Behavior analysis).

Inga Daler i Kongsberg Norcontrol forklarar at algoritmen kjenner historisk vanlege ruter for båttrafikken, og seier frå om båtane har avvik frå desse rutene.

Ser ting operatørane ikkje ser

Store avvik frå ruta vert varsla, men også små avvik over lengre tid.

– Før ei ulykke, kan ein båt oppføre seg unormalt over lengre tid. Dette kan algoritmen sjå, og åtvare trafikkoperatøren, seier Daler.

Brukarsnittet for algoritmen er framleis i utvikling. Illustrasjonen er eit døme på korleis eit ferdig produkt kan sjå ut. Foto: Kongsberg Norcontrol

Avdelingsleiar i Kystverket, John Leon Ervik, seier seg einig.

– Små avvik er vanskeleg å oppdage for menneske, til dømes avvik som kjem frå utmatting om bord. Algoritmen gir oss mogelegheita til å sjå desse tinga før farlege situasjonar oppstår, seier Ervik.

Varslar om kollisjonskurs

Amund Gjersøe er produktansvarleg for BEAN-algoritmen i Kongsberg Norcontrol.

– Algoritmen baserer seg på fem barometer. Dei tre første er grunnbarometer, kurs, hastigheit og posisjon. Ut frå desse, finn algoritmen avvik og melder frå, forklarar Gjersøe.

To barometer varslar om skip er på kollisjonskurs, og om små avvik frå ruta over lengre tid.

Utviklarane håpar å setje algoritmen ut i operativ drift til årsskiftet. Då vil sjøtrafikksentralane i Horten, Brevik, Kvitsøy, Fedje og Vardø ta den i bruk.

– Framleis eit menneskje som tek avgjersla

– Er det å ta i bruk algoritmar på kysten eit steg mot automatisering av trafikkontrollen på sjøen?

Ervik i Kystverket trur ikkje det.

– Vi har veldig flinke operatørar i dag. Den nye algoritmen skal hjelpe dei. Dette er det vesle ekstra, men det er framleis eit menneskje som tek avgjersla, seier Ervik.

Algoritmen skal seie frå om båtar er på kollisjonskurs i tronge sund. Båten i biletet har ingenting med saka å gjere. Foto: Bård Bøe

Utviklaren seier at det ikkje er ein kunstig intelligens som no tar over skipsfarta.

– Dette er ikkje ein kunstig intelligens. Den baserer seg på maskinlæring, men bruker gammal statistikk for å analysere og kategorisere avvik frå normalen, seier Gjersøe i Kongsberg Norcontrol.

– Data vi ønskjer å ha kontroll på

Valet av norske samarbeidspartnarar er eit bevisst val, sjølv om marknaden kanskje er større i utlandet.

– Vi forvaltar data som vi ønskjer kontroll på. I tillegg ønskjer vi å bygge opp eit miljø med kompetanse innanfor desse felta her i Norge, seier Ervik.

Del på
facebooktwitterlinkedinemail