– Eg får ikkje lov til å seie kven kunden er, men eg kan seie så mykje at det er eit norsk selskap med lange offshoretradisjonar, seier Tomas Eikelid til Bergens Tidende.

I slutten av 2015 starta han og to kompisar si eiga bedrift for problemløysing og havenergi.  2017 starta godt for bedrifta, som har sikra seg kontrakt med svenske Siemens Industrial Turbomachinery AB.

Grøne samarbeid

I 2016 omsette Sogn industri for forsiktige 500.000 kroner. Målet for 2017 er å bikke fem millionar. Og pengane meiner dei ligg i hav- og vindenergisektoren.

– Det er derfor vi har flytta bedrifta hit. Her ute har ein fått til eit framtidsretta, tverrfagleg, innovativt og godt samarbeid med små lokale leverandørar og bedrifter, seier Eikelid, og legg til:

– Fornybar energi er framtida. Men mange system er enno ikkje er oppfunne, og små selskap ønskjer ikkje å gi opp og selje teknologien sin til dei store selskapa. Tidlegare var Norge meir framoverlente på energiteknologi, men dei siste åra har vi ramla bakpå. Dette engasjementet må vekkjast igjen.

Vil erstatte diesel med bølgjekraft

Det nyaste prosjektet til Sogn industri er samarbeidet med Havkraft og Hydrowave.

– Går alt etter planen skal teknologien bli tatt i bruk allereie etter nyttår, seier Eikelid.

Eit heilintegrert bølgjekraftverk i ein lekter. Teknologien kan bli tilpassa eksisterande offshore-materiell eller den kan ha eigen berar. Foto: Havkraft AS

Det er oppfinnar og leiar i Havkraft, Geir Arne Solheim frå Nordfjord, som har utvikla havkraftteknologien. I 19 år har han arbeida med bølgjekraft, men først i år kom den første kjøparen på bana.

– Vi skal tilby grøn energi til dei som ikkje har noko alternativ til dieselbruk. Plattformer, riggar, servicefartøy og andre offshore-installasjonar brukar diesel som energikjelde. Samstundes sit dei på den største energikjelda av alle – havet, seier Solheim.