– Det ser no lovande ut. Planen er å starte produksjonen i løpet av hausten, seier adm. dir. Jostein Bøe i Stryvo til nett.no.

Selskapet får ansvaret for å setje saman svenske Waves4Power sine bølgjekraftverk. Monteringa skal skje i Ulstein sin tidlegare verkstedhall på Fiskåholmen i Vanylven kommune.

Byggjer gradvis opp

Jostein Bøe seier at aktiviteten avgjer kor mange tilsette det vert snakk om.

– Vi startar litt forsiktig, og så aukar vi opp i takt med at aktiviteten aukar.

Truleg vil Stryvo etablere eit eige dotterselskap til bølgjekraftsatsinga.

– Ja, det er planen, seier Bøe.

– Har kome lengst

Han har god tru på satsinga.

– Waves4Power er den aktøren som har kome lengst innan bølgjekraft. Som den aller første aktøren leverer selskapet no energi inn på det norske kraftnettet frå testbøya som ligg utanfor Runde.

– Selskapet har også mykje nytt på gang, og det er seriøse og hyggjelege folk å arbeide saman med.

I tillegg til montering, håper Bøe at Stryvo kan verte leverandør av fleire komponentar til bøyene.

– Denne satsinga kan kome til å gi mykje arbeid både for oss og andre bedrifter i regionen.

– Det er ikkje ofte vi ser ei så spanande satsing.

Stor hall

Det er Vanylven kommune som eig hallen på Fiskåholmen. Høghallen er 128 meter lang og det er tjue meter under kranene. Hallen er i god stand og er efrdig sertifisert.

I tillegg er der arbeidsbrakker, kantine og gode kontor.

– Alt skal liggje til rette for å starte produksjonen, seier Landsverk Sande.

Store dimensjonar

WaveEl-bøya er hjartet i bølgjekraftanlegget. Bøya er åtte meter i diameter på overflata, men gjennom bøya går det ein 35 meter lang sylinder.

Inne i sylinderen er eit stempel, som bevegar seg opp og ned i takt med bølgene, og fungerer som ei gigantisk pumpe.

Bølgjeenergien frå denne pumpa vert konvertert til elektrisk energi, og vert først sendt via ein spesialutvikla dynamisk maritim kabel til ei tilsluttingsbøye og deretter til land i ein 22 kV spesialutvikla sjøkabel.

2. juni vart bøya tilslutta Tussa sitt kraftnett, og har produsert energi sidan.

Den bøya som i dag ligg ved Runde er ei stålbøye. Ved Fiskåholmen skal det produserast bøyer av kunststoffet polyetelen.