Vidar Helgesen. Foto: Alice Brathaug

Rapport: – Havvind kan dekka verdas totale energibehov

– Det er forferdeleg mykje negativt som skjer med havet men havet kan også bli løysinga, seier tidlegare klimaminister Vidar Helgesen.


  • Ådne Lunde
Publisert

Energi frå havet, og då først og fremst vind, med både botnfast og flytande havvind. Men også offshore solkraft, bølgje- og tidevasskraft blir ein viktig del av løysinga på klimakrisa, ifølgje ein fersk rapport.

– No slår forskarane fast at havvind kan dekka verdas totale energibehov, seier Helgesen. Den tidlegare klimaministeren jobbar no internasjonalt med berekraftig havøkonomi.

Berekraftig havøkonomi

Denne veka heldt han forelesinga «Mot ein berekraftig havøkonomi» på eit havseminar ved Universitetet i Bergen. Der viste han også til dei enorme vindressursane i havet som ei potensiell løysing på verdas behov for grøn energi.

Den tidlegare klima- og miljøministeren er no norsk spesialrepresentant i eit internasjonalt høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi.

Panelets forskargruppe har kartlagt verdas havvindressursar, og slår i ein fersk rapport fast at: «Offshore vindenergiresursar vil vera tilstrekkelege til å dekka heile verdas elektrisitetsbehov i 2050».

Sheringham Shoal utenfor kysten av Norfolk i England. Foto: NTB Scanpix

14 nasjonar er med i Havpanelet, som blir leia av Erna Solberg. 165 forskarar sit i forskargruppa som skal gi politikarane eit fagleg fundament.

Lenge har ein meint at havet er så stort at det ikkje vil bli vesentleg påverka av klimaendring og temperaturstiging. I rapporten skriv forskarane at mange forskingsarbeid har slått fast kor viktig havet, som dekker 70 prosent av jordoverflata, er for klimaet på jorda.

Norsk vinnarlodd

No har dei også slått fast at klimaendringane alt påverkar verdshava sterkt og negativt med temperaturstiging og forsuring. Helgesen meiner det då er viktig å visa at havet også byr på løysinga. Noko rapporten har som eit viktig tema.

– Det er mykje som skal til for å lykkast. Det handlar om finansiering, eit skatteregime med karbonavgifter og ikkje minst infrastruktur og ein etablert kraftmarknad, seier den tidlegare ministeren.

Han peikar på at også her har Noreg trekt eit vinnarlodd.

– Vi har fiskeresursane, vasskrafta og olja. No viser det seg at vi også har store vindressursar i havet. Dessutan ligg vi alt langt framme på offshore teknologi, og vi har ein kraftmarknad, seier Helgesen.

Ligger vi så godt an, eller kan det tenkes at Norge allerede er i ferd med å havne bakpå innen havvind? Det har vi snakket om i en tidligere episode av Sysla-podkasten Det vi lever av. Hør episoden her:

– Må bli industri

Ikkje alle havområde er like eigna for vindkraft. I Stillehavet og Karibia, som årleg blir ramma av orkanar, er det vanskeleg å få til offshore kraftproduksjon.

– Men flytande vindkraft er ikkje konkurransedyktig. Equinor måtte ha 2,3 milliardar kroner i støtte til dei elleve turbinane på Tampen?

– Dette vil endra seg når vi får ei industrialisering. Equinor har fått den enorme utbygginga på Doggerbank. Dei skal byggja turbinar utanfor New York og Kværner ser på eit havprosjekt utanfor California. Vi er langt framme i Noreg, og det skjer mykje globalt, seier Helgesen.

Les også:

Del på
facebooktwitterlinkedinemail