Kjetil Nysæter. Foto: Tor Høvik

Kjetils bil ladar når straumen kostar minst

Med straum frå gründerbedrifta Tibber, har Kjetil Nysæter og familien fått stålkontroll på straumforbruket.


  • Ådne Lunde
Publisert

Familiefaren i det gule huset ved Kalandsvatnet i Bergen vedgår lett at han har drege strauminteressa i overkant langt. Huset, som vart bygd i 1956, er blitt eit ekte smarthus.

Ein liten nettbrettskjerm på peishylla viser ikkje berre straumforbruket i dag og i går. Men også forbruket time for time, kva straumen kostar no, har kosta gjennom døgeret og skal kosta dagen etter.

Straumnerden kan også sjå kva det kostar å varma opp kvart enkelt rom, og han kan gje elbilen i tunet beskjed om å lada når straumprisen er på sitt lågaste.

– Akkurat det med bilen, er vel det vi sparar mest på. Der er innsparinga fort over 1500 kroner i året. Elles er fordelen med dette, at vi er blitt langt meir medvitne om straumforbruket, seier tekno-entusiasten.

Den gamle Ipaden til ei av døtrene fungerer som styrings- og informasjonstavle. Foto: Tor Høvik

Straum frå gründerbedrift

Det var den nye digitale straummålaren, og eit straumabonnement i Førde-verksemda Tibber, som sette fart i sakene.

Og det er ikkje berre familien på Kaland i Fana som har flytta straumabonnementet til den tre og eit halvt år gamle digitale gründerbedrifta i Førde.

Verksemda har ekspandert raskt i Norden, og omsette for nær 60 millionar kroner i fjor. Ifølgje dagleg leiar, Edgeir Vårdal Aksnes, vil dei nå ei omsetning på 275 millionar kroner i år, og siktar mot å koma over ein milliard neste år.

Satsar på kontinentet

I vår fekk verksemda tilført 120 millionar amerikanske dollar, mellom anna frå eit amerikansk investeringsfond og BKK Spring.

Verksemda har 32 tilsette, 11 på hovudkontoret i Førde, 13 i Stockholm og 3 i Helsinki. No satsar selskapet vidare på den tyske marknaden, med 4 tilsette i Berlin.

– Ideen har vore å laga det produktet vi sjølv kunne tenkja oss å ha. Vi kjøper straum der prisen til ei kvar tid er lågast, og gir kundane kontroll over eige forbruk gjennom ein enkel app, seier gründeren.

Han peikar på at straummarknaden stort sett er lik verda over, og satsar på rask vekst vidare.

Tibbers app samarbeider godt med elbilen som står utanfor huset. Foto: Tor Høvik

– Vi er tilført kapital, og legg opp til ei rask utvikling vidare med fleire hundre prosents vekst i året, seier Aksnes.

Han seier Tibber satsar alt på produktet, og skal klara å veksa heilt utan telefon- eller dørsal.

Denne minidatamaskina gjer huset frå 1956 smart. Foto: Tor Høvik

Kraft frå Evanger

– Med slik rask ekspansjon blir vel Tibber snart kjøpt opp?

– Nei, det vil eg ikkje høyra snakk om. Den gründeren som går og tenkjer på noko slikt, har alt lagt inn årene, seier den daglege leiaren i Førde.

Tilbake i huset ved Kalandsvatnet har det som byrja med eit Tibber-abonnement, via eit heimestyringsnett, utarta langt forbi det Tibber tilbyr.

– No kan vi også snart styra vedomnen frå telefonen, seier mor i huset, Lollo Larsen. Ho ler godt av mannens hobby.

Skjermen på peishylla viser også temperaturen i hønsehuset, og passar på at drivhuset held seg frostfritt. Vêrstasjonen i hagen er lagt inn, og kven som er i huset med nett-tilkopling er registrert til ei kvar tid. Skjermen viser også når bussen passerer stoppet framfor huset.

Ikkje berre er bilen samkøyrt med Tibber, appen viser også kva kraftverk som leverer straumen.

– Akkurat no får vi krafta frå Evanger, seier Kjetil Nysæter etter nok eit sveip over telefonen.

Alt frå busspasseringar til temperatur i hønsehuset på ein liten skjerm. Foto: Tor Høvik

Klager på kaldt vatn

Alle termostatar i huset er kopla samkøyrt med opplysningane frå Tibber. Varmen i golva er programmert slik at termostatane skrur seg ned ein grad når straumprisen er over eit visst nivå. Dette sparar straum, og betyr lite for varmen i romma.

Varmtvasstanken slår seg automatisk av om dagen, og på om natta når straumen kostar minst.

– Vi er mange i huset, og jentene var brått utan varmt vatn i dusjen. Då fekk eg klager, så eg har lagt inn ei forsikring, så tanken slår seg no på om vatnet kjem under 40 grader, seier straumentusiasten.

Han har hatt ein del arbeid med å gjera det gamle huset straumsmart. Nye termostatar er installert, og i kjellaren har han eit skåp med ein minidatamaskin og radiosendar som styrer greinene.

– Klart at eg sikkert kunne ha spart vel så mykje straum ved å bruka same tida på å isolera loftet, seier han.

Så er det berre det, at å få appar og dippeduttar til å fungera optimalt er langt meir morosamt.

Del på
facebooktwitterlinkedinemail