TRU PÅ HYDROGEN: Ordførar i Odda Roald Aga Haug (Ap) meiner det er naturleg for kommunen å engasjera seg i ei satsing på hydrogen. Foto: Ronald E. Hole

Eit nytt selskap skal jobba for hydrogenveg over Haukeli

Tre kommunar stiftar eit nytt selskap. Hydrogenvegen AS skal gjera det enkelt å køyra mellom Oslo og Bergen med hydrogenbil.


  • Ådne Lunde
Publisert

Kommunane nye Ullensvang, Notodden og Kvinnherad går saman om etablera selskapet Hydrogenvegen AS. Verksemda skal driva fram hydrogenprosjekt og få på plass hydrogenbilar og fyllestasjonar langs E134 mellom Austlandet og Vestlandet.

«Dei tre kommunane med tilhøyrande næringsliv slår kreftene saman i satsinga si på grøn hydrogen for å oppnå store klimakutt og ny grøn næring.», heiter det i ei pressemelding.

Skyt inn 100.000

– Kvar av dei tre kommunane skyt inn 100.000 kroner i det nye selskapet, seier ordførar i Odda Roald Aga Haug (Ap). Han er snart ordførar i nye Ullensvang kommune.

Haug fortel at dei tre ordførarane går inn i styret for verksemda, og at dei ønskjer å utvida styret etter kvart. Øyvind Stueland frå Næringshagen i Odda går inn som dagleg leiar for Hydrogenvegen AS.

Det er ikkje tilfeldig at desse tre kommunane finn saman i ei satsing på hydrogen. I Notodden har verksemda NEL etablert seg som leverandør av hydrogenteknologi. I Tyssedal arbeider smelteverket Tizir med å erstatta kol med store mengder hydrogen i ilmenittproduksjonen.

Kvinnherad kommune planlegg saman med SKL storskalaproduksjon av flytande hydrogen frå vasskraft, og har søkt om elleve millionar kroner til eit forprosjekt for hydrogen som drivstoff til hurtigbåt.

Dermed vil desse tre kommunane, ifølgje pressemeldinga, om få år ha ei komplett verdikjede innan grøn hydrogen: Produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen utan klimagassutslepp.

OMSTILLING: Tizir i Tyssedal og direktør Per Øyvind Sævartveit ønskjer å gå frå kol til hydrogen i produksjonen. Foto: Rune Sævig

– Klimamål

– Kommunen har klimamål. Og vi har Tizir i Tyssedal med enorme ambisjonar om å bruka hydrogen. Dette vil vera eit nasjonalt bidrag til kutt i CO₂-utsleppa. Det er dessutan utvikling av teknologi som kan bli viktig for resten av verda. Vi skipar også Norsk hydrogensymposium i Tyssedal, så vi ligg slik sett alt lagt framme på området, seier Haug.

Han peikar på at det derfor er naturleg for dei tre industrikommunane å engasjera seg for overgangen til hydrogen.

Hydrogenvegen AS vil difor jobba med å få på plass hydrogenstasjonar i dei tre kommunane og å organisera ei stor, felles bestilling av hydrogenbilar til kommune, næringsliv og private i Notodden, nye Ullensvang og Kvinnherad.

Symposium: I det gamle kraftverket i Tyssedal vert det skipa eit årleg hydrogensymposium. Frå venstre: Arnfinn Førsund, Gro Kollbotn, Nils Johan Ystanes, Øyvind Stueland, Ida Maage Elstad, Thomas Strand og Heidi Ryste. Foto: Rune Sævig

Vil pressa bilprisen

– Hydrogenbilar er dyre, men ved ei felles bestilling av mange bilar kan vi få ned prisen, forklarar Haug.

Han peikar på at såkalla innestengt kraft kan brukast til produksjon av hydrogen lokalt. Til dømes i Røldal.

Stiftar-kommunane peikar på at hydrogenbilar er ei god løysing i distriktskommunar med store avstandar. Samstundes ligg Notodden, Odda og Kvinnherad mellom Oslo og Bergen.

– Ved å byggja ein hydrogenstasjon i kvar av desse kommunane skaper vi ein hydrogenforbindelse mellom aust og vest, seier Odda-ordføraren.

Han har også tru på at dette kan bli ein stor industri når tungtrafikk, båtar og ikkje minst industrien går over på hydrogen.

Hydrogen har vært tema i Sysla-podkasten Det vi lever av. Der får du blant annet høre om hydrogensatsningen ved smelteverket i Tyssedal. Hør episoden her:

Del på
facebooktwitterlinkedinemail