MARINEHOLMEN: Alle tre har tru på algar. Forskaren Hanna Böpple, Eva Skjold som er kommunikasjonssjef i Bir og algegründer Ingmar Høgøy. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Algar skal eta boss, reinsa røyk for CO₂ og bli til laksefôr

Eit demonstrasjonsanlegg for algeproduksjon på Kokstad kan bli reine kinderegget for miljøet.


  • Ådne Lunde
Publisert

På Postens området på Kokstad i Bergen skal gründerverksemda Algaepro dyrka algar. Demoanlegget skal byggast i tilknyting til eit nytt forbrenningsanlegg der Bir skal brenna treavfall, og levera varmt vatn inn på BKKs fjernvarmenett. Algane skal fôrast med matavfall frå Bir og dessutan bruka CO₂ frå forbrenninga.

Verksemda Algaepro AS er eit heileigd dotterselskap under Greentech Innovators AS.

Bir kjøper seg no inn med 1,5 millionar kroner i Greentech Innovators, og skal i neste omgang bruka ti millionar kroner på anlegget for algeproduksjon. Ifølgje informasjonssjef i Bir, Eva Skjold, kan anlegget stå ferdig i 2022–23.

Kinderegg

Ein engasjert algegründer, Ingmar Høgøy, forklarer at algedyrking, boss og forbrenning av trevirke er ein nær perfekt kombinasjon.

Algane treng oppvarma vatn, og det får dei frå forbrenningsanlegget. Dei må ha mat, og då er biologisk avfall frå Bir beste sort.

– Vi skal dessutan fora med avføring frå larveriet på Voss, seier Høgøy.

Larvedyrkarane på Voss samarbeider alt med Bir om å bruka biologisk avfall som larvemat. Larveskiten blir i neste omgang finfint algefôr.

ALGEPLANAR: Forskaren Hanna Böpple, Eva Skjold som er kommunikasjonssjef i Bir og gründer Ingmar Høgøy har tru på at algar kan bli industri. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Brukar klimagass

Algane treng dessutan klimagassen CO₂. Røyken frå forbrenningsanlegget skal gå direkte ned i algesuppa, som brukar CO₂ i ein fotosyntese som produserer oksygen.

– I Bir er vi opptekne av sirkulærøkonomi, og i vår verdikjede er det store ressursar. Dette er slik sett eit perfekt prosjekt, seier økonomisjef i Bir, Ove Knudsen.

Pilotanlegget på Kokstad skal produsera mellom 30 og 40 tonn algar i året. Algane blir fulle av omega-3, som i neste omgang kan bli fiskefôr.

– Dermed kan oppdrettsnæringa til dømes kutta i importen av soya, seier algeentusiast Høgøy.

Han dreg fram eit glas med eit knallgrønt pulver. Tørka algar. Det luktar litt tran og smakar sushi-sjøgras.

EINCELLA: Skal ein få auga på enkeltindivid frå den knallgrøne mengda, må det mikroskop til. Algane kan sentrifugerast frå vatnet dei veks i og bli ein pasta eller tørkast til pulver. Hanna Böpple stiller inn mikroskopet medan Eva Skjold og Ingmar Høgøy følgjer med. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Norce forskar

Algedyrkaren legg ikkje skjul på at timillionarsanlegget på Kokstad berre er første steg på vegen. Målet er oppskalering til storindustri.

Gründeren ser for seg at lukka anlegg i sjø, som produserer fleire millionar tonn algar, er framtida på Vestlandet. For å få dette til trengst mykje kapital, men dette må også til for at algane skal få ein konkurransedyktig pris.

Mykje av forskingsarbeidet på algar går føre seg i Norce i Bergen. Her jobbar forskingsassistent Hanna Böpple med knallgrøne algar som sirkulerer i kunstig lys.

Miljøengasjement gjorde at den tyske studenten har satsa på algeforsking. No er ho med i eit prosjekt som forskar på algar i fiskefôr.

– Vi har tilsett seks prosent algar i laksefôret, og resultatet er lovande, seier Böpple.

DYRKING: Norce dyrkar algar til forsking på Marineholmen. Dei forskar også ved eit større anlegg som Universitetet i Bergen har på Mongstad. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

– Menneskemat?

Ho fortel at fisken blei raud i kjøtet og fekk mykje omega-3 av fôr som vart tilsett algen Nannochloropsis. Dette er også algen som skal dyrkast i anlegget på Kokstad.

– Korleis kan de vera trygge på at det er denne algen, og ikkje ein giftig variant de får?

– Dette blir ein monokultur i eit lukka system. Vi dyrkar opp den rette typen algar, slik at vi har eit sikkert utgangspunkt, seier Høgøy.

Han fortel at ein viktig faktor i produksjonen av desse eincella organismane er å bruka rett type lys.

– Kan algar også brukast direkte som menneskeføde?

– Det kan dei, og dess lengre ned i næringskjeda vi kjem, dess betre er det, seier gründeren.

Han trur algane til dømes vil ha ei stor framtid som fôr i oppdrett av muslingar og skjel.

PROSESS: Slik illustrerer Bir anlegget på Postens tomt på Kokstad. Foto: Bir

Problemløysing

I prosjektet på Kokstad løyser Bir fleire problem. Så langt er trevirket, som selskapet samlar inn, blitt kverna opp og skipa ut til Sverige og Finland. Virket kan ikkje brennast i omnen i Rådalen, fordi den er konstruert for matavfall og mykje fukt. Med trevirke blir temperaturen for høg.

No får verksemda nytta denne ressursen lokalt. I andre delar av landet blir det bygd biogassanlegg i tilknyting til avfallsplassar. Dette er ikkje eit alternativ for Bir, då jordbruket på Vestlandet ikkje har bruk for restproduktet som då oppstår. Dette kan jordbruket austpå nytta til gjødsel.

Dermed er Bir på utkikk etter alternativ utnytting av biologisk avfall. No kan det altså bli algemat på Kokstad.

Del på
facebooktwitterlinkedinemail