Fôrfabrikken til Skretting i Stavanger. FOTO: Ole Alexander Saue.

Skretting går tungt inn i kommersialisering av algeolje

Omega-3-rik algeolje er førebels langt dyrare enn tradisjonell fiskeolje. Det stoggar likevel ikkje Skretting.

Det skriv iLaks.

Joint venture-selskapet av DSM og Evonik, Veramaris, kan ifølgje dei sjølv produsere 15 prosent av den globale etterspurnaden av omega-3-rik algeolje når fabrikken deira står klar hausten 2019.

Etter det iLaks kjenner til vert denne råvara tre gongar dyrare enn fiskeolje. Marketingdirektør i Skretting, Mads Martinsen, har ikkje høve til å kommentere eksakt sum, men forsvarar prisen.

– Følgjer ein prisutviklinga på fiskeolje, går kurva historisk sett oppover. Det held nok fram, i og med at etterspurnaden går opp. Plutselig kan algeolje utkonkurrere fiskeolja. Den er to til tre gangar så konsentrert, og då treng me mindre mengder algeolje i høve til fiskeolje. Så prisen kan forsvarast, seier Martinsen til iLaks.

Marketingdirektør i Skretting, Mads Martinsen. FOTO: Skretting.

Flaskehals
Fiskeolje har lenge vore ein flaskehals for fôrprodusentane. Omega-3-fettsyrene EPA og DHA er absolutt naudsynt i fôret, og algeolje har difor vert sett på som eit godt alternativt til det kommersialiserte produktet fiskeolje.
– Om du er ein røynd fôrernæringsfysiolog, er det enkelt å rekne ut at dette er gunstig. Algeolje har ein svært høg konsentrasjon av EPA og DHA, seier administrerande direktør i Veramaris, Karim Kurmaly, til iLaks. Han fortel at dei har levert algeolje til fleire store fôrprodusentar.

Pilotfase
For øyeblikket produserer Veramaris pilotvolum av algeolja. Skretting har vore tett på utviklinga i fleire år, og meiner det er avgjerande å kome seg forbi den noverande fasen.

– I ein pilotfase er det kostbart å ta ei slik råvare i bruk. Men går me ikkje gjennom dette, får me det ikkje kommersielt. Me må gjennom det; me er nøydd til å sjå framover og gjere grep no for å hjelpe oss i framtida, seier han.

Veksten i oppdrettsnæringa har vore marginal sidan 2012. Det har òg fôrleverandørane merka. Skal næringa vokse, er alternative råvarer vegen å gå, skal me tru Martinsen.

– Flaskehalsen med fiskeolje har me sett i mange år. Dei siste åra har me fått ekstra tid, fordi det ikkje har vore særleg vekst – spesielt i norsk havbruksnæring. Skal me vokse, treng me alternativ, seier han.

Karim Kurmaly, administrerande direktør i Veramaris. FOTO: Veramaris.

200 millionar dollar
Veramaris’ algeolje skal etter planen produserast på ein fabrikk i Blair, Nebraska, USA, når anlegget står klart i 2019.

DSM og Evonik investerer 200 millionar dollar i fabrikken. Planen vart lansert for nøyaktig eitt år sidan, og no er alle naudsynte løyver på plass.

– Som du veit, er den store etterspurnaden for fiskeolje eit problem. Eit anna problem et overfiske ulovleg og uregulert fiske. Algeolje er berekraftig, seier Kurmaly.

Biomar tause

BioMar-direktør i Norge, Jan Sverre Røstad, ynskjer ikkje å røpe om dei har vore i dialog med høgtsatsande Veramaris, som jobbar med kommersialisering av algeolje.

– Med har god oversikt over kva aktørar som kjem inn på marknaden. Det er klart det har vore svært få, og me har hatt eit godt samarbeid med dei som var tidleg på bana. Så får framtida vise kva aktørar som kjem opp, men me er veldig nøgd med vår noverande levarandør, seier han til iLaks.

BioMar har i lengre tid produsert fiskefôr med alger levert av TerraVia i Brasil. Lerøy har vore blant kundane som har nytta AlgaPrime DHA i sitt fiskefôr.