Lukkast alle bedriftene bak planane, betyr det ein kraftig auke i lakseproduksjonen. 300 tusen tonn ekstra, til dømes er ein auke på 12-15 prosent samanlikna med verdsproduksjonen av atlantisk laks, samanlikna med i dag.

Men Giskeødegård fryktar ikkje at det skal bli for mykje laks på marknaden, med eit påfølgjande prisras på fisken.

Taklar tilbodssjokk

Marknaden har vore gjennom tilsvarande kraftige auke i tilbodet tidlegare, og det har gått heilt fint, sa Giskeødegård i eit foredrag i Bransjegruppe Havbruk i Næringsforeningen Ålesundregionen nyleg.

Han minte og om at den planlagte auken i landsbasert produksjon vil gå gradvis, og at det tar minst ti år før anlegga som er under bygging eller planlegging først vil produserer for fullt om ti år.

Giskeødegård trur oppdrettsnæringan vil lukkast i å utvide marknaden når produksjonen stig.

– Vi har sett gang på gang at meir volum og tilbodspress frigjer kreativitet, seier han.

Må få nok volum

Salmon Evolution – med investorar frå Romsdal og Sunnmøre i ryggen – planlegg eit landbasert anlegg ved Bud med ein kapasitet som tilsvarer 22 konsesjonar i sjøen med ein prislapp på over tre milliardar kroner.

Salmon Evolution sitt anlegg skal koste over tre milliardar, men reknestykket til investorane bak er at det likevel løner seg å bygge på land fordi landbasert anlegg ikkje må betale for å få konsesjonar, som må til for å drive oppdrett i sjøen.

Giskeødegård er samd i at oppdrett på land kan løne seg, men på eitt viktig vikår, at selskapa som planlegg oppdrett på land lukkast i å produser så mykje laks som dei planlegg.

12,5 milliardar i utbytte

Kostnadane ved å auke oppdrettsproduksjonen er blitt så høg at det dempar veksten i næringa, og dermed også dei store og raske svingingane i tilbodet. Det gjer at næringa er blitt mindre syklisk enn før, og dei siste 10 åra har det vore ein stor grad av stabilitet i laksemarknaden, og god lønsemd

I år anslår Giskeødegård ein gjennomsnittleg laksepris på 64 kroner pr. kilo og ein kostnad i underkant av 40 kroner pr kilo.

Med dagens lakseproduksjon i Noreg tilsvarar det inntekter på cirka 77 milliardar kroner for oppdrettarane, og eit overskot på cirka 25 milliardar kroner i år. Om oppdrettarane held seg til den utbyttepolitikken dei har hatt dei siste åra betyr det 12,5 milliardar kroner i utbytte for 2019.

Verden over etableres det landanlegg for oppdrett. Hva kan det bety for den norske oppdrettsnæringen? Hør episoden av Sysla-podkasten «Det vi lever av»: