Ill: Nekst

– Kan utløyse investeringar på tre milliardar kroner

Oppdrettsselskap jublar etter at Fiskeridirektoratet har varsla at havmerdene deira får tildelt utviklingskonsesjonar.

– Då har vi fått grønt lys! No startar dialogen om kor mange konsesjonar vi får, men dette er ein fantastisk mogelegheit for oss.

Det seier Martin Ramsdal ein av dei to partnarane i oppdrettsselskapet Nekst i Sogn og Fjordane til BT.

Selskapet meiner dei har funne løysinga på dagens utfordringar med lus og rømming i norske oppdrettsanlegg, og går alt etter planen skal dei byggje verdas største oppdrettsanlegg på land.

Der skal laksesmolten vekse til 2,7 kilo, før laksen vert sett ut i sjøen i Nekst sine «Havlilje»-merdar. Merdane, eller liljene, har dobbel not og skal senkast 15–20 meter under havoverflata. Slik unngår laksen lusebeltet.

Det er desse merdane som no er blitt godkjende under utviklingskonsesjonane til Fiskeridirektoratet.

Søknaden – på 16 utviklingsløyve på 12.480 tonn laks – blei sendt inn i oktober 2016. Fredag kom svaret:

«Ut fra de opplysningene som foreligger på det nåværende tidspunkt vurderer Fiskeridirektoratet under sterk tvil at det omsøkte konseptet faller innenfor ordningen med utviklingstillatelser,» står det i vedtaket.

Vidare skriv direktoratet at dei tek sikte på tildeling av ein eller fleire utviklingstillatelser.

 Ikkje grunnlag for 16

Per i dag er 31 søknadar blitt avslått av Fiskeridirektoratet, medan åtte prosjekt har fått tildelt til saman 53 løyver.

Direktoratet påpeikar at dei ikkje ser grunnlag for å tildele Nekst 16 konsesjonar. Dei understrekar også at dersom Nekst skal få ein eller fleire konsesjonar, må realiseringa av prosjektet vere i tråd med ordninga om utviklingstillatelsane.

  • Utviklingstillatelse er særløyve til prosjekt som inneber betydelig innovasjon og investeringar.
  • Føremålet er å leggje til rette for utvikling av teknologi som kan bidra til å løyse ein eller fleire av miljø- og arealproblema som oppdrettsnæringa står framfor.
  • Teknologien som blir utvikla i prosjekta skal delast slik at den kjem heile næringa til gode.
– Vi har ikkje snakka med direktoratet enno, men sender etterspurde opplysningar kring finansieringa i løpet av neste veke, seier Ramsdal.

– Vi går sjølvsagt for 16 løyver. Det er det optimale og mest berekraftige dersom vi skal investere i eit såpass stort anlegg.

Han får støtte frå fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling:

– Fylkesutvalet ber om at Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet medverkar til at det blir tildelt tilstrekkelege med utviklingskonsesjonar slik at prosjektet kan realiserast med full utbygging, seier ho.

Podsnap er Syslas måte å fortelle hva som gjemmer seg bak begreper, forkortelser og fenomener som ofte dukker opp i våre spalter. Her får du vite hva utviklingstillatelser er på fire minutter:

Store summar

I april kom nyheita om at Nekst hadde sikra seg intensjonsavtalar med to europeiske tungvektarar som ønska å investere. Etter det BT kjenner til, er eitt av selskapa det polske fiskeforedlingsselskapet Graal. Det andre er ei portugisisk daglegvarekjede som finst i heile Europa.

– Får vi realisert dette i fullskala vil det bety investeringar i Sogn og Fjordane til tre milliardar kroner, og over 100 arbeidsplassar, seier Ramsvik.

 

Nekst-eigarane Martin Ramsdal og Kjell Audun Aasen. Arkivfoto: Oddleiv Apneseth

Selskaper omtalt i saken