Enorme summar går med i kampen mot lusa. Stadig fleire vil ha større smolt, for å korte tid i sjø og dermed mindre eksponering for lus.

Koster skjorta
Det vert investert milliardar i nye og stadig større smoltanlegg. I takt vert gamle anlegg utvida.

– Kvifor det vert investert så høge summar? Fordi det kostar så mykje å bygge. Me vil få ned produksjonstida i sjøen, seier Erlend Haugarvoll i Lingalaks. Saman med Eide Fjordbruk skal dei bygge smoltanlegg i Kvinnherad med ein karkapasitet på 17-18000 m³.

Ei oversikt iLaks har utarbeidd viser at SalMar sitt Follafoss-anlegg er det største anlegget per dags dato, målt i karvolum.

Desse er størst per dags dato:

  1. SalMar, Follafoss: 23.500 m³
  2. Nova Sea, Helgeland Smolt: 22.200 m³
  3. Sævareid Fiskeanlegg: 22.000 m³
  4. Marine Harvest, Nordheim: 21.500 m³
  5. SalMar, Senja: 17.600 m³
  6. Grieg Finnmark, Adamselv: 15.700 m³
  7. Marine Harvest, Glomfjord: 14.700 m³
  8. Sisomar, Straumen: 13.500 m³
  9. Nova Sea, Sundsfjord Smolt: 13.400 m³
  10. Marine Harvest, Fjæra: 13.000 m³

Opplysningar om anlegga er henta frå offisielle nettsider, eller kontaktpersonar, i aktuelle selskap.

Lerøy betalar 650. mill

Medan Sævareid Fiskeanlegg på Fusa utvida sin kapasitet og produserer om lag 2000 tonn (10 millionar fisk) årleg, driv Lerøy Sjøtroll og bygger gigantanlegg i Kjærelva på Fitjar.

Lerøy Sjøtroll må ut med 650 millionar kroner for anlegget på Fitjar, medan Sævareid Fiskeanlegg investerte nyleg 200 millionar kroner i nytt RAS-anlegg. Marine Harvest sitt anlegg på Skjervøy er prissett til om lag 400 millionar kroner, og svimlande 600 millionar kroner gjekk med til SalMar sitt anlegg på Jøvika.

Årsaka til at karvolum er det benytta måleparameter er fordi mengden fisk vil variere ved ulik storleik, og fordi nokre selskap held fôrforbruk konfidensielt.

Ser ein på anlegg under bygging/utbygging er det fleire som vil hevde seg på topp-ti-lista over største anlegg.

…medan desse blir størst:

  1. Nordlaks sitt anlegg i Innhavet på Hamarøy vil i løpet av 2019 går frå 3.600m³ til 29.000 m³.
  2. Lerøy Sjøtroll sitt anlegg på Fitjar vil få eit karvolum på 24.000m³.
  3. Bremnes Seashore vil utvide kapasiteten på Trovåg frå 13.000 m³ til 20.000 m³.
  4. Eide Fjordbruk og Lingalaks vil bygge anlegg med om lag 17.000 m³ karvolum på Ænes i Kvinnherad.
  5. Lerøy-eigde Laksefjord vil gå frå 8.500 m³ til 16.000 m³.
  6. Tytlandsvik Aqua (Bremnes Seashore, Vest Havbruk, Grieg Seafood) vil romme 15.000 m³ når det er ferdigbygd.

Lingalaks og Eide Fjordbruk investerer hundretals millionar i deira smoltanlegg på Ænes i Kvinnherad. Dei har fått vasskonsesjon, men ventar no på driftskonsesjon.

– Den er snart i boks. Anlegget kan produsere 3000 tonn, 6-9 millionar fisk – alt etter storleiken – årleg, seier Haugarvoll.

Lønsamt

Han er klar på kvifor oppdrettarar vel å investere i smoltanlegg om dagen.

– Fordi me ynskjer å få ned produksjonstida i sjøen. Det vil redusere risikoen knyt til sjukdom og lus. Me trur dette vil gi helsegevinst i tillegg til ein liten auke i produksjonen.

– Større fisk har vist seg å vere lønsamt hos oss. Me får den fortare opp i slaktevekt, seier Haugarvoll.