Av dei 20 største norske oppdrettsselskapa finn ein berre to selskap med kvinneleg leiar. Det er Salmonor og Ellingsen Seafood, som er høvesvis 17. og 18. størst.

– Det er ikkje mange kvinner i toppen i SinkaBerg-Hansen, det er ikkje det, seier Finn Sinkaberg, dagleg leiar i selskapet, til iLaks.

Og der er han ikkje åleine. Likevel understrekar han, som dei fleste andre, at valet ikkje er bevisst, og at dei tilsetter dei beste kandidatane.

Direktørar blant dei 20 største oppdrettsselskapa:

  1. Marine Harvest: Alf-Helge Aarskog
  2. Lerøy Seafood: Henning Beltestad
  3. SalMar: Olav Andreas Ervik
  4. Cermaq: Knut Folmer Ellekjær
  5. Grieg Seafood: Andreas Kvame
  6. Norway Royal Salmon: Charles Høstlund
  7. Nordlaks: Inge Berg
  8. Nova Sea: Odd Strøm
  9. Bremnes Seashore: Einar Eide
  10. SinkaBerg-Hansen: Finn-Wilhelm Sinkaberg
  11. Alsaker Fjordbruk: Gerhard Alsaker
  12. Midt-Norsk Havbruk: Frank Øren
  13. Eidsfjord Sjøfarm: Roger Dagfinn Simonsen
  14. Firda Seafood: Ola Braanaas
  15. Måsøval Fiskeoppdrett: Asle Rønning
  16. Lingalaks: Erlend Haugarvoll
  17. Salmonor: Vibecke Bondø (kvinne)
  18. Ellingsen Seafood: Line Ellingsen (kvinne)
  19. Emilsen Fisk: Roy Emilsen
  20. Erko Seafood: Leif Rune Pedersen

Av dei 20 utvalde selskapa er altså 90 prosent representert ved ein mannleg toppleiar.

– Dette heng nok igjen etter gamalt av. Bransjen har historisk vore mannsdominert, seier Sinkaberg vidare.

Finn Sinkaberg. FOTO: SinkabergHansen

Lederskapsundersøkelsen frå 2015, utført av Statistisk Sentralbyrå, viste at 88 prosent av toppleiarar i næringslivet er menn. Oppdrettsbransjen er soleis ikkje verre enn andre bransjar.

Akkurat dét kan likevel fort endre seg.

– Det er mange fleire kvinner som utdannar seg no. Det er òg fleire kvinner som søkjer, seier Sinkaberg.

Børsnoterte menn

I alle dei fem børsnoterte selskapa – Marine Harvest, Lerøy Seafood, Grieg Seafood, SalMar, Norway Royal Salmon – er det menn på toppen.

Ikkje berre i toppstillingane er det mannsdominert. Ser me på konsernleiinga elles er det òg svært mannsdominert. Marine Harvest kjem best ut – med 30 prosent kvinner.

  • Marine Harvest: Sju menn, tre kvinner.
  • Grieg Seafood: Sju menn, éi kvinne.
  • SalMar: Fem menn, null kvinner.
  • NRS: Fire menn, null kvinner.
  • Lerøy Seafood: Fire menn, null kvinner.

Totalt er det berre fire kvinner fordelt på dei 31 posisjonane. Det utgjer knapt 13 prosent.