Polsk domstol seier nei til nytt kolkraftverk

Kolkraft i Europa møter sterk motstand om dagen. Denne veka vart det kjent at ein domstol i Polen set ein stoppar for Eneas planar om å investere i det som skulle bli Polens siste kolkraftverk. Domstolen meiner kolkraft er dårleg butikk og ikkje i aksjonæranes interesse.

Publisert: Publisert:

Organisasjonen Client Earth har vunne ein ny klimarettssak. Denne gongen mot det polske statskontrollerte energiselskapet Enea. Saka gjaldt Eneas avgjersle frå 2018 om å gå saman selskapet Energa, også det statseigd, om å bygge kolkraftverket Ostroleka C i nord-austlege Polen til 1,2 milliardar euro. Kraftverket skulle ha ein kapasitet på 1GW og stå ferdig i 2023. Client Earth gjekk til sak som aksjonær i Enea. Organisasjonen hevda at det planlagde kolkraftverket ville bli eit tapsprosjekt i møte med billegare fornybar energi og høgare karbonprisar, og at investeringa difor ville skade aksjonæranes økonomiske interesser. Kva konsekvensar dommen får, og om tapande part vil anke, er framleis uvisst. Til Financial Times oppmodar advokat Peter Barnett Enea og Energa om å stoppe kolkraftplanane. «This is an excellent result for Enea’s shareholders and for the climate. The plant is a stranded asset in the making, facing clear and well-documented financial risks», uttalar han. Fleire detaljar om saka finn ein på nettsida til Client Earth.

Les hele saken med abonnement