Foto: Aker Solutions

Tillitsvald om Aker Solutions-sal: – Usikkerheita brer om seg

Ifølgje Finansavisen vert Kjell Inge Røkke sitt oljeserviceselskap Aker Solutions truleg solgt til amerikanske Halliburton. Berre spekulasjonar, seier Atle Tranøy i Fellesforbundet.

Finansavisen melde mandag kveld at ein avtale er i ferd med å bli inngått om sal av heile eller delar av Aker Solutions. Konsernet har i lengre tid vore i samtalar med Halliburton.

Kommunikasjonsdirektør Atle Kigen i Aker bekrefter lite til Finansavisen anna enn at investeringsselskapet jamnleg snakkar med andre om “idear og moglegheiter”.

– Dette er spekulasjonar tilsvarande dei som har vore i ei tid no. Det er ikkje noko nytt i denne saka, seier Atle Tranøy i Fellesforbundet og styremedlem i Aker til Aftenbladet.

Aker Solutions vert kontrollert av Kjell Inge Røkke sitt selskap Aker ASA.

Uro i rekkene

Nyhenda frå Finansavisen og alle spekulasjonane som har vore i forkant, skaper usikkerheit blant dei tilsette. Det seier Arild Håvik, vara konserntillitsvald og LO- klubbleiar i Aker Solutions MMO.

– Det brer om seg usikkerheit når avisene skriv om dette. Samtidig avfeiar konsernet med at ingenting er bestemt. Det skaper uro i rekkene når tilsette ikkje veit kva som skjer.

Han understrekar at heller ikkje han veit så mykje.

– Eg veit ikkje meir enn det som har stått i avisene. Utifrå det som har komt fram til no, må seie eg er skeptisk til heile greia. Det er uklart om det gjeld delar eller heile Aker Solutions, seier han.

– Eg har vore med på mange oppsplittingar i selskapet og veit ikkje om det fører så mykje med seg. Om mykje vert skilt ut, kan vi ende opp med berre MMO- delen att i Norge, og det er ikkje nødvendigvis så positivt.

Dei MMO- tilsette jobbar med vedlikehald, modifikasjonar og operasjonar i konsernet. Konsernet har dei siste åra nedbemanna kraftig i MMO- verksemda. I januar 2016 melde dei at inntil 900 stillingar måtte kuttast.

Klubbleiar Oddvar Hølland i Egersund held seg derimot knusande roleg til nyhenda om det moglege salet.

– Eg veit ikkje meir enn det som står i avisene. Slike rykter er vi vande med. Dei kjem opp med jamne mellomrom og så hoppar de på, seier Hølland.

Lenge spekulert

Det har dei siste månadane vore stadige spekulasjonar om Aker Solutions. Ifølgje Dagens Næringsliv har aksjekursen etter nyttår stege med rundt 20 prosent, til 48 kroner dagen.

Aftenbladet skreiv i januar at Kjell Inge Røkke vurderer å selge Aker Solutions.Verdien på konsernet var på dette tidspunktet estimert til 1,35 milliardar dollar.

Torger Reve, professor ved Handelshøgskolen BI, i forbindelse med dette at eit sal vil svekke oljemiljøet betraktelig.

– Det kan godt hende at Aker Solutions får eit betre liv med eit anna selskap, som for eksempel GE eller Schlumberger – som kan tilby totalløysingar. Men dersom Norge skal forbli ein sentral spelar, så bør dei ha tungvektarar på norsk sokkel innen oljeteknologi, service og offshore.

Oljeanalytiker Morten Nystrøm i Nordea sa derimot at han tvila på eit Aker Solutions-sal vil gå utover norske arbeidsplasser.

– Mykje av kompetansen ligg i Norge. Sjå på FMC Technologies, som jo er eit amerikansk selskap – mykje av subsea-verksemda deira vert drive frå Norge, også etter at dei slo seg sammen med franske Technip.

DN-kilder: – Sludder og vås

Anonyme kilder bekrefter overfor Dagens Næringsliv at det har pågått samtaler mellom Aker Solutions-eier Aker og Halliburton, samt “andre i bransjen”. Men at det er snakk om forhandlinger om et salg av Aker Solutions som skal være like rundt hjørnet omtales som «sludder og vås».